Skip To The Main Content

Farleg avfall

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Farleg avfall kan gjere stor skade

Farleg avfall inneheld stoff som kan skade menneske dyr og natur – sjølv i små mengder.  Kvart år oppstår det nesten 1,1 million tonn farleg avfall i Noreg. Store delar av dette veit ein ikkje kvar havnar.

Alle husstandar kan levere farleg avfall gratis til ein bemanna miljøstasjon.

Dette er farleg avfall som kan leverast gratis:

  • Måling lim og lakk
  • Lyspærer 
  • syrer og basar
  • Løysemidlar 
  • Lysstoffrør og sparepærer
  • Brannsløkkingsapparat 
  • Kjemikaliar
  • Alle typar batteri 
  • Gassflasker, primusar 
  • Reingjeringsmidlar som
    klorin, salmiakk og kraftvask
  • Plantevernmidlar, sprøytemidlar
    og gjødsel 
  • PCB, for eksempel i isolerglasruter frå 1965-80 
  • Sprayboksar
  •  Olje
  • Neglelakkfjernar
  • Bilbatteri
  • Steikeomnsrens
  • Sølvpuss
  • Bilpleiemidlar
  • Gradestokkar og kvikksølvtermometer

 

  • Restar av medisinar leverer du til apoteket eller gjenvinningsstasjonen

Dette er ikkje farleg avfall:

 


  • aske 
  • diskettar
  • Steikepanner
    • Blåpapir
    • Eingongsgrillar
    • Vindauge som ikkje blir ​vurdert som farleg avfall
    • dekk
    • Penslar

     

     

    Farleg avfall har eiga kvote

    Døme på farleg bygningsavfall er impregnert trevirke, asbest og golvbelegg med ftalatar. Dei tilsette på miljøstasjonane vil fortelje deg kva som er farleg bygningsavfall. Du må levere reine lass med farleg avfall, for å levere på  kvota på farleg avfall.

     

    Impregnert trevirke

    Impregnert trevirke inneheldt tidlegare kjemikaliar som kreosot, eller salt av tungmetall for at trevirket ikkje skulle rotne. Miljøgiftene går etter kvart ut i omgivelsane, så unngå impregnert trevirke i grønnsaksbedet eller der du oppbevarer mat.

     

    Eternitt

    Eternitt inneheld asbest, eit materiale som er svært helseskadeleg. Slikt avfall skal pakast inn i to lags plast før det blir levert inn til miljøstasjon. Riving av eternitt bør gjerast av fagfolk, dersom du gjer det det sjølv må du bruke godt verneutstyr.

     

    Sluttbehandling av tungmetallhaldig avfall

    I Noreg skjer sluttbehandling av, for eksempel tungmetallhaldig avfall, syrer og basar ved deponering. Sluttbehandling av måling, lim, lakk og olje skjer ved at avfallet først blir forbehandla og deretter går til forbrenning i Norcem sin sementomn i Breivik i Telemark