Skip To The Main Content

Batteri

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(Desember 2012)

Batteri

Alle vanlege batteri som brukast i hushalda leverast inn til forhandlarar eller miljøstasjonar. Ingen batteri skal i restavfallet.

Batteri

  • Batteri består av ei eller fleire celler, der kjemisk energi blir omdanna til elektrisk energi.
  • Nokre batteri inneheld miljøgifter. Dei vanlegaste er knappcellebatteri (mange inneheld kvikksølv), oppladbare nikkelkadmiumbatteri (NiCd), som inneheld kadmium, og blybatteri.
  • Dei vanlegaste alkaliske eingongsbatteria inneheld ikkje miljøgifter.

Absolutt alle batteri skal leverast til miljøstasjonar eller batteriforhandlarar. Dei har plikt til å ta i mot batteria gratis.

Strengare krav til miljøgifter

Nye krav til produsentar og importørar av batterier

  • Plikt til å samle inn, gjenvinne eller sluttbehandle batteri.
  • Må vere tilslutta eit godkjent returselskap.
  • Batteri med innhald av kvikksølv på 5 ppm eller meir er forboden. For knappcellebatteri er grensa 2 prosent kvikksølv. Berbare batteri med meir enn 20 ppm kadmium er forbode, med visse unnatak.
  • Batteridrivne produkt skal vere konstruerte slik at batteria lett kan fjernast.
  • Returselskap og behandlingsanlegg får nye gjenvinningskrav og krav til innsamlingsgrad for berbare batteri.
  • Alle forhandlarar av batteri får plikt til gratis å ta imot brukte batteri i same kategori som dei sel.

 

Materiale blir gjenvunne

EU sitt batteridirektiv skal også sikre at ressursane i batteria blir gjenvunne. Returselskap og behandlingsanlegg får no strengare krav til kor mykje av materialet i batteria som skal gjenvinnast og kor mange batteri dei må samle inn.

I tillegg skal merking av batteria sikre at kapasiteten i batteria blir utnytta best mogeleg. Frå no av skal opplysningar om kapasiteten i batteriet vere tydeleg merkt, slik at det blir lettare for oss å samanlikne kor lenge batteria vil vare.

Kostnadene ved dei nye reglane er forventa å auke prisen på batteri med omtrent fire øre per batteri. Alle forhandlarar av batteri er pliktig til å ta imot batteri frå forbrukarane gratis.

(Kjelde: KLIF)

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?