Skip To The Main Content

Kvikksølv

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Sparepære

Har du knust sparepære eller termometer med kvikksølv?

Knust termometer eller sparepære må du vere forsiktig med sidan kvikksølv er skadeleg. Her er nokre tips:

  • Bruk hanskar som du kastar etterpå
  • Du bør åpne vinduet og lufte, samtidig som du gjer godt reint.
  • Samle saman restar frå termometeret best mogleg.
  • Synlege partiklar og glassrestar kan også plukkast opp med ein bit tape.
  • Du kan prøve å få kvikksølvet opp på eit papir eller inn i ein pose som du knyttar godt att
  • Du kan bruke kost og feiebrett (men gjer det skikkeleg reint etterpå) og tørk opp grundig med ein fuktig klut.
  • Både kluten og glassrestane kan du samle saman i en plastpose som du må levere til mottak for spesialavfall, det vil seie ein bemanna miljøstasjon (avfallet bør i mellomtida stå utandørs).
  • Lause teppe kan du ta ut og banke
  • Luftinga av rommet kan gjerne fortsetje i 15 minutt etter at du er ferdig med rengjeringa

Dersom golvet har ei glatt overflate bør du unngå å støvsuge opp restane, sidan støvsugaren kan vere med å på å spre kvikksølvrestar. Dersom golvet har sprekker, kan du likevel  bruke støvsugaren for å få bort alle restane. Når du er ferdig bør du la støvsugaren gå med motoren i gang ein halv time utandørs før du skiftar støvsugarpose. Du bør også løsne støvsugarslangen og skylle han innvendig med vatn
 
NB: Dette bør du sjølvsagt ikkje gjere dersom du har sentralstøvsugar.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?