Skip To The Main Content

Fun Facts

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Mr-Boss-visste-du-at

  • Dekk

I 2007/08 la Spania heile 50 km motorveg med gummiasfalt.
Kilde: Dekkretur

  • Dekk

Det går ca. 25 slitebanar til ei sprengematte på 5 x 6 meter.
Kilde: Dekkretur

  • Dekk

Til ein kunstgrasbane går det med ca 100 tonn gummigranulat, det er omlag 140 tonn kasserte dekk.
Kilde: Dekkretur

  • Gips

40 000 tonn med gipsavfall vert nedgravd på deponi i heile verda, kvar dag, 365 dagar i året. Dette er gips som kunne blitt til ny gips!
Kilde: Gips Recycling

  • Kler

Dersom du kjøper eit brukt klesplagg i staden for eit nytt kvar månad, er du med på å kutte nesten 500 kilo CO2 utslepp i løpet av eit år.
Kilde: Fretex

  • Kler

Berre i Bergen by samlar Fretex årleg inn nok møblar og klede til å fylle opp Bergen rådhus tre gonger.
Kilde: Fretex

  • Metallemballasje

Vi kan lage 300 000 syklar av metallemballasjen som blir gjenvunne i Noreg kvart år!

  • Metallemballasje

Ein gjenvunnen makrell i tomat-boks sparar så mykje energi det tek å ha på tv’en i 3 timar!
Kilde: The International Aluminium Institute - omregnet fra brusbokseksempel

  • Metallemballasje

Ein gjenvunnen makrell i tomatboks sparer CO2 utslepp på linje med 1,5 km i bil
Kilde: omrekna frå brusbokseksempel

  • Metallemballasje

Av 670 resirkulerte aluminiumsboksar kan vi lage ein sykkel.
Kilde: Repak

  • Metallemballasje

Metallemballasjen som blir gjenvunnen i Noreg kvart år tilsvarar vekta av eit middels stort hurtigruteskip.

  • Metallemballasje

Mellom 40 og 50 % av metallproduksjonen i Europa kjem frå resirkulert metall.
Kilde: Norsk Returmetallforening

  • Drikkekartong

Mengda drikkekartongar vi gjenvinner kvart år tilsvarar 140 000 tre!
Kilde: GPN og Skogselskapet

  • Drikkekartong

Mengda drikkekartongar som blir gjenvunne kvart år tilsvarar ein skog på storleik med 230 fotballbanar!
Kilde: GPN og Skogselskapet

  • Drikkekartong

Ved å gjenvinne 100 grandisesker sparar vi like mykje energi som ein tørketrommel som står på i 12 timar!

  • Papir

Av 10 aviser kan vi lage 7 nye notatblokker
Kilde: BIR

  • Papir

Når vi lagar ein kilo avispapir frå gjenvunne materiale samanlikna med nytt materiale, sparar ein nok energi til å lade ein mobiltelefon så han held til å snakke samanhengande i 4 1/2 månad.
Kilde: Stena Recycling

  • Papir

Mengda papir som blir gjenvunne i Noreg kvart år, sparar like mykje CO2 utslipp som frå 35 000 biler!

  • Bølgepapp

Visste du at det vert arrangert ein bølgepappseilas på Glomma kvart år?

  • Bølgepapp

Visste du at ei gjenvunne banankasse sparar like mykje CO2 som 3 km i bil?

  • Plastemballasje

Visste du at 325 bruskorkar kan bli ein elevstol?

  • Plastemballasje

Visste du at 8 PET plastflasker = ei fotballdrakt?

  • Plastemballasje

Visste du at både Brasil og Portugal har spelt i fotball-VM med drakter av resirkulerte plastflasker?

  • Plastemballasje

Ved å gjenvinne 1 kilo plast sparar vi så mykje som 2 kg olje!

  • Plastemballasje

Visste du at druebeger og smoothieflasker kan bli til sykkelskjermar?

  • Farleg avfall og EE-avfall

Mengda farleg avfall som går til ukjend behandling kvart år svarar til vekta av 15 200 elefantar.

  • Farleg avfall og EE-avfall

Nesten halvparten av alle kjøleskap inneheld klimagassen R12.
Kilde: Elretur

  • Farleg avfall og EE-avfall

Det finst eit måleinstrument, ein “miljøpistol”, som kan rettast mot eit kvart materiale, og gje deg svar på kva slags stoff som finst i materialet.
Kilde: Elretur

  • Farleg avfall og EE-avfall

Det er ulovleg å selje sparepærer som inneheld meir enn 3,5 milligram kvikksølv. I ein test gjort av NRK fann dei likevel sparepærer som inneheldt nesten 8 gonger meir enn grenseverdien.
Kilde: NRK - Ulovlig mye kvikksølv i sparepærer

  • Farleg avfall og EE-avfall

Batteri som er laga før 1997 kan innehalde opp til ti gonger så mykje kvikksølv som nyare batteri.
Kilde: Zimrig, Carl A. 2005. Cash for Your Trash. New Brunswick, NJ: Rutgers University Press

  • Farleg avfall og EE-avfall

Kvart år vert det samla inn så mykje EE-avfall i Noreg, at dersom ein fylte opp lastebilar med ee-avfall og stilte dei opp etter kvarandre ville dei ha strekt seg frå Oslo til Lillehammer.

  • Farleg avfall og EE-avfall

60 gjenvunne mobiltelefonar sparar miljøet for nok CO2 til å halde ein 42 tommar LCD-TV slått på i 2 år og 3 månader.
Kilde: Stena Recycling - Klimahjulet

  • Farleg avfall og EE-avfall

Det er 40 til 50 gonger meir effektivt å utnytte innsamla eeavfall enn å drive vanlege gruver for å utvinne metallet.
Kilde: GeSI - Urban Mining Worth Billions

  • Farleg avfall og EE-avfall

Over 80 % av ee-avfallet blir materialgjenvunne. Det vil seie at det blir laga nye produkt av det.
Kilde: eeregisteret.no

  • Farleg avfall og EE-avfall

Kvart år vert det brukt 320 tonn gull og meir enn 7 500 tonn sølv på verdsbasis til å lage PCar, mobiltelefonar, nettbrett og andre nye elektroniske produkt.
Kilde: GeSI - Urban Mining Worth Billions

  • Farleg avfall og EE-avfall

Sprayboksen fekk sitt gjennombrot under andre verdskrig då den vart fylt med insektmiddel og brukt av soldatar i felten.
Kilde: snl.no

  • Farleg avfall og EE-avfall

Visste du at medaljane i OL i Vancouver brukte metall frå gjenvunne elektronisk avfall?
Kilde: http://www.guardian.co.uk/environment/2010/feb/18/winterolympics-vancouver-recycledmedals

  • Farleg avfall og EE-avfall

I eitt tonn gullmalm fins det ca 5 gram gull, medan det i eitt tonn med kretskort kan vere opptil 250 gram gull?
Kilde: Elretur

  • Farleg avfall og EE-avfall

I eit KFK-kjøleskap produsert før 1993 er det så mykje klimagass at det svarar til 10 000 km med bilkøyring.
Kilde: Elretur

  • Farleg avfall og EE-avfall

Glas frå gamle tv-apparat inneheld bly, difor kan det brukast i veggane på røntgenrom på sjukehus.
Kilde: Elretur

  • Farleg avfall og EE-avfall

Visste du at det blir gjenvunne over 150 000 vaskemaskiner årleg i Noreg?
Kilde: Stena metall, Revac og Weee recycling

  • Farleg avfall og EE-avfall

Bly har eit etablert og lukka kretsløp som berre i Noreg gjev 10.000 tonn bly i året.
Kilde: Batteriretur

  • Farleg avfall og EE-avfall

Visste du at stålet i vaskemaskiner kan bli til tannhjul på syklar?

  • Farleg avfall og EE-avfall

Visste du at glaset i gamle PCskjermar kan bli til sykkellykter?
Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?