Skip To The Main Content

Gjenbruk

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

gjenbruk

Lever ting til til gjenbruk

Du kan levere brukte ting til gjenbruk når du er på miljøstasjonen for å levere avfall. Når du gir ting til gjenbruk er du med på å gi tinga lengre levetid, noko som er bra for miljøet.

Dette kan du levere:

  • Ting som er heile og brukbare
  • Møblar, sportsutstyr, interiørartiklar, leiker, verktøy m.m


Dette kan du ikkje levere:

  • Ting med miljøgifter
  • Elektriske varer
  • Øydelagte ting


Dette skjer med tinga du leverer:

ÅRIM har avtalar med ulike aktørar, som hentar tinga på miljøstasjonane og sel dei i butikkane sine.


Nokre praktiske opplysingar:

  • Når du leverer ting til gjenbruk, går dette av kvoten på kortet.
  • Er du i tvil om kva du kan levere, spør dei som arbeider på miljøstasjonen.
  • Det er ikkje mogleg å få ting som andre har  levert inn til gjenbruk på miljøstasjonen.​