Skip To The Main Content

Kompost

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Kompost

ÅRIM får store mengder matavfall i restavfallsdunkane. Med heimekompostering kan du redusere avfallsmengda med 50-100 kilo per person per år. Å sortere ut maten er dermed eit godt miljøtiltak

Kvifor kompostere.
Kompostering gir deg opptil 30-40 kilo kompost, det vil seie god og næringsrik jord til hagen din. ​Kompost er ei god erstatting for torvbasert jord, som ofte blir se​lt frå hagesentra. Ei undersøking som vart gjort av Framtiden i våre hender i 2015 viste at heile 86 prosent av hagejorda som blir selt til den private marknaden kjem frå torv.

Torvuttak der torva blir brukt i jordblandingar og vekstmedium er ei av årsakene til at norske myrar blir gravne opp, noko som gir store klimautslepp og miljøproblem. Ei naturleg myr lagrar svært mykje karbon. Faktisk inneheld norske myrer karbon tilsvarande 3,5 milliardar tonn CO2 - dette tilsvarere Noreg sine totale klimagassutslepp i 66 år.

Om du komposterer er du sjølvforsynt med næringsrik jord, og kan spare både pengar og miljøet. Mange opplever også ​det å kompostere som givande, ​sidan ein ser at avfallsmengda blir merkbart redusert, og matavfallet​ komme til nytte i eigen hage.

Kompostabonnement

Dei som komposterer kastar lite eller ikkje noko matavfall. Dette gjer at mange berre treng henting av avfall annankvar veke. Dette gir også prisreduksjon. Dersom du ønskjer redusert abonnement, kan du ta kontakt med ÅRIM på telefon 70 31 41 00 eller post@arim.no. Da skiftar vi til lyst grått lokk på dunken din, hentar restavfallet annankvar veke, og du får redusert renovasjonsgebyr.

forside kompost

Varmkompost

​Les lærerik kompostbrosjyre

Kompost er den beste næringa du kan gi plantane i hagen din. Last ned "Rein jord" og les om prinsippa ​for varmkompostering. Her får du ei grunnleggjande innføring i kompostering. Du finn også gode tips, dersom du skulle møte på problem med komposteringa.
Bokashi bøtte
bokashistrø

Kjøkkenkompostering

Bokashi

Kompostering med bokashi foregår inne på kjøkenet i ei lufttett bøtte. Du legg alt du har av matavfall i bøtta, lagvis med bokashistrø. Dette er ei strø som inneheld effektive mikroorgansismar, naturlege mikrobar som set i gong ein gjæring- eller syringsprosess når dei kjem i kontakt med organsisk materiale.

Slik gjer du det med bokashi:

1. Fyll bokashibøtta med matavfall. Strø mellom laga.

2. Kvile- eller gjæringsperiode. La avfallet kvile i bøtta i to veker

3. Bokashien skal komme i kontakt med jord. Du kan bruke ei kasse eller grave det rett i jorda.

Nokre få veker etter du hadde matavfallet på kjøkkenet, kan du bruke jorda til plantane dine.

Jorda du lagar med bokashi blir svært næringrik.

 

Kompostkundar kan bestille strø

Kundar som har varmkompostbinge eller Bokashi kan bestille strø av ÅRIM, og få dette levert heim. Fyll ut skjema, så leverer vi strø i løpet av eit par veker.

  • Du kan få inntil fire sekkar med kompost i året.
  • Bokashi-kundar kan få inntil to posar med strø i året
  • Du må vere registrert med kompostabonnement.
Fyll ut namn
Fyll ut adresse
Fyll ut adresse