Skip To The Main Content

Drikkekartong

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Innsamling av drikkekartong

All drikkekartong skal kjeldesorterast og leverast til gjenvinning, både store og små, med og utan skrukork eller lokk.

Kvart år blir det brukt ca 750 millioner drikkekartongar i Norge. Det betyr at kvar av oss tømmer 160 kartongar på eit år, eller til saman 2 millionar daglig. Det er viktig at alle desse blir gjenvunne.

Slik gjer du det: 

For å gjere gjenvinninga mest mogleg  rasjonell så tilrår vi at du:

  • Skyller kartongen
  • Brettar kartongen
  • Stappar seks kartongar ned i ein tom kartong
  • Legg kartongkubbane rett i papirdunken. Dei blir sortert ut i etterkant

Alle drikkekartongar skal gjenvinnast, både store og små, med og utan skrukork eller lokk.

Det du ikkje skal gjere er å kaste kartongane i restavfallet eller brenne dei i peisen. Om du puttar kartongane i peisen gir dei luftforureining og aukar faren for pipebrann. Om du kaster dei i restavfallet vil dei ikkje bli materialgjenvunne. Havnar kartongane i naturen tek det minst 5 år før dei er brotne ned.

Drikkekartong blir til nye produkt.

Kartonger blir materialgjenvunne til nye papir- og kartongprodukter som teknisk papir, cornflakes- og pizza esker.

Bli med på returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i lotteriet - privatpersoner eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc. 

Det vil bli utdelt:

- 120 premier á kr. 10.000

- 4 premier á kr. 100.000.

Les meir om lotteriet