ÅRIM skal dele ut plastkrokar til alle kundane våre. Plastkroken gir eit godt feste til plastsekken din, slik at du kan kjenne deg sikrare på at sekken ikkje flyg bort i kraftig vind.
VI kjem til å montere kroken på papirdunken, sidan papir og plast blir henta på samme dag.
Det tek tid å nå rundt til alle kundane våre. Vi forventar å vere ferdige med utdelinga ein gong i haust. Det er renovatørene som festar på kroken når dei er ute og tømmer dunkar.
Folk som bur i Stordal og Sandøy har fått kroken tidlegare.
Vi minner om:
- Knyt ein plastpose på dunken din dersom du treng nye plastsekkar. Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar.
- Bestill SMS-varsling, dersom du treng hjelp til å hugse når vi hentar avfallet ditt. Det kan du gjere her.
- Plastsekkar skal ikkje knytast fast i dunken.
Lett på kroken
Kroken er utvikla av elevbedrifta Lett på kroken frå Ålesund vidaregåande skule. ÅRIM har hatt eit nært samarbeid med bedrifta sidan 2014 - eit ledd i å vise fram avfalls- og gjenvinningsbransjen for unge, kloke hovud. Du kan lese meir om Lett på kroken på Facebooksida deira