Skip To The Main Content

Slik sorterer du plast

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Gjer kjeldesortering til ei sjølvfølgje

Det er viktig at plastemballasjen er tom, rein og tørr når han blir levert inn. Det er fleire grunnar til dette. Det er menneske som behandlar emballasjen vidare når han blir sortert, i transport og på gjenvinningsanlegg. Og så er det viktig å få så god kvalitet på plasten som mogleg; det er emballasjen som blir til ny plast, ikkje matavfallet.

Skyll emballasjen

  • Skyll plastemballasjen i kaldt vatn
  • La emballasjen tørke. Eit godt tips for å unngå rot, er å riste vatnet godt av, og la plasten tørke der du kjeldesorterer plasten.

Sett sekken ut kvar fjerde veke

Tøm plasten i plastsekken

  • Sekken kan du plassere tørt, for eksempel i ei bod eller i kjellaren
  • Nokre kjøper stativ, andre heng han på ein knagg eller krok.
  • Plasten skal vere så rein at han kan stå innandørs  i fire veker utan å lukte.

Sorter emballasjen

Utlevering av sekkar til plastinnsamling

  • Du får utlevert ein rull med sekkar ein gong i året
  • Har du behov for fleire, får du det gratis på servicekontoret i kommuna di.
  • Dersom du fyller og set ut fleire sekkar med plastemballasje, vil alle bli henta av renovatøren. Dette gjeld berre plastemballasje.

.