Skip To The Main Content

Dette er plastemballasje

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Rein og tørr plastemballasje

Ja takk

  • Plastflasker
  • Blomsterbrettt
  • Rømmebeger 
  • Plastkanner
  • Plastbrett
    (feks til kylling
  • Plastemballasje
    til el artiklar
  • Plastfolie
  • Vaskemiddelflasker
  • Snopemballasje (plast)
  • Plastposar
  • Isboksar
  • Bobleplast
  • Kaffiposar
  • Saftflasker
  • Såpeemballasje (plast)
  • Potetgullposar
  • Plastbeger 
  •  Flaske til linsevæske
  • Blomsterpotter
  • Matemballasje i plast
  • mykje, mykje meir...

 

Nei takk

Våt, skiten og illeluktande plast skal ikkje til gjenvinning. Det samme gjeld plastprodukt som ikkje er plastemballasje. Flasker og kanner som har vore brukt til oljeprodukt, ekstremt brannfarleg avfall eller giftig avfall kan du levere på gjenvinningsstasjonen.

Her er nokre døme på kva som ikkje skal leverast inn:

  • Elekstriske artiklar
  • Plastgjenstandar
  • Interiørartiklar
  • Leidningar
  • Oljekanner
  • Hageslangar
  • Oppvaskhanskar
  • Leiker
  • Kjøkkenreiskap
  • Plastmøblar
  • Plexiglas
  • Bøtter

  • Les kvifor vi berre samlar plastemballasje
  • Er du i tvil?

    Det aller meste av plastemballasjen skal til gjenvinning. Dersom du er usikker på noko av plasten, kastar du han i restavfallet. Døme på dette kan vere plast som har vore brukt til singelfrosen laksefillèt, fettete plastfolie eller plast rundt kjøttdeig.

     

    Her gjeld sunn fornuft :)

     

    Kva med EPS (isopor)?

    Dette materialet blir ikkje gjenvunne til ny plast når det kjem saman med plastemballasjen. Dersom EPS blir lagt i sekken, vil han bli sortert ut, og brukt til energigjenvinning (varmeproduksjon).

    Har du store mengder EPS?

    Ein del produkt er innpakka i store mengder EPS. Nokre av dei bemanna miljøstasjonane sender dette materialet til gjenvinning (Bingsa, Jarnes, Kjølen og Sjøholtstrand). På sikt vil dette truleg gjelde fleire av miljøstasjonane.