Skip To The Main Content

Miljøgevinst

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Gjenvinning av plastemballasje gir store miljøgevinstar

Plastemballasje er ei verdifull råvare som kan brukast i fleire og fleire produkt. Materialet er godt eigna for gjenvinning og behovet for plast er aukande. Kunnskap om korleis gjenvinne plast har vore i ei rivande utvikling dei siste åra. Plast - gjenvunne plast -  er eit materiale med stadig fleire nye bruksområde..

  • Vi reduserer bruken av olje - ein ressurs som ikkje er fornybar. For kvar kilo plast som blir gjenvunne sparer vi faktisk to kilo olje
  • Gjenvinning er lang mindre energikrevjande enn produksjon av nye plast. Ei gjenvunne plastflaske kan spare nok energi til å lyse opp ei 60 watts lystpøre i åtte timar
  • Co2-utsleppa blir redusert med to kilo når vi gjenvinn ein kilo plast
  • Rein og tørr plastemballasje kan gjenvinnast opptil seks gongar

Kjeldesortering av plast over heile landet

  • 10 oktober 2011 starta ÅRIM med plastinnsamling i ålesundregionen.  Av dei tolv kommunane var det berre Sykkylven som hadde hatt innsamling frå før. No har godt over 80% av innbyggjarane i Noreg  tilbod om kjeldesortering av plast heime hos seg

 

Plasten du sorterer bruker vi på ny

Plasten du kjeldesorterer blir sendt til Tyskland​, der han blir sortert etter type. Plastemballasjen blir sortert ut til 6-7 ulike plasttypar, som igjen går til materialgjenvinning. Du har kanskje høyrt om Polyetylen (PE) eller Polyvinylklorid (PVC)? Dette er to av plasttypane som blir sortert ut kvar for seg og gjenvunne til ny PE og PVC:

Minst 75% av transporten er på tog


Mange stiller spørsmål om miljønytten sidan  plasten blir transportert heilt frå Sunnmøre til Tyskland og Sverige. Svaret er at transporten utgjer eit relativt lite bidrag i forhold til totalen. Transporten av brukt plastemballasje til gjenvinning med jernbane gir dobbel miljøgevinst. Hadde emballasjen blitt frakta med lastebil, ville CO2-belastinga på miljøet ha vore ca tre gongar så høg. Les meir om transport og miljøgevinst 

Plast er godt eigna for gjenvinning

Gjenvunne plast får stadig nye bruksområde, her er nokre døme:

  • Kontorstolar
  • Ryggsekkar (Fjällrävens ryggsekk, Kånken NatureTex er laga av gjenvunne plastflasker)
  • Fleece-klede (kan lagast av opptil 90 % gamle plastflasker, kjente merker i Norge er SNC, Lowe Alpine, Bergans, Peak Performance og Patagonia)
  • Liggeunderlag (Therm-A-Rest)
  • Dameundertøy (laga av gamle plastflasker, produsert av Triumph International )
  • Caps
  • Baggar
  • vesker
  • ryggsekkar
  • refleksvestar
  • Bygningsmaterial
  • kompostbingar
  • støyskjermar
  • kabeldekkplater
  • mykje meir 

Over 80% sorteringsgrad

I 2010 vart heile 83,4%av den kjeldesorterte plastemballasjen frå Noreg sortert ut til materialgjenvinning i Tyskland. Kravet til høg sorteringsgrad er blant det strengaste i Europa.

Storparten av plasten du samlar inn er veleigna for resirkulering, men nokre plasttypar er vanskelegare å gjenvinne enn andre. Dette gjeld for eksempel plasten rundt kvitosten, som faktisk er samansette av minst tre lag med ulike plasttypar. Det er naturleg nok bortimot umulig å silje desse tre laga frå kvarandre for gjenvinning. Denne type plast blir energigjenvunne og blir til varme og elektrisitet.

Mindre som restavfall 

Mengde restavfall blir redusert med opptil 40% når du kjeldesorterer ut plastemballasjen din (i volum).