Utstyr til plastsortering
Stativ til plastemballasjesekk
Plastsekken kan hengjast opp på ulike stativ, veggoppheng eller på ein enkel krok. Denne type stativ er å få kjøpt i fleire prisklasser. Her er nokre forslag til kva du kan hengje sekken på:
ÅRIM kan ikkje garantere at døma vi viser til er tilgjengelege på alle butikkar.
Smarte løysingar
For at kjeldesortering skal bli enkelt, er det viktig å organisere sorteringa på ein måte som passar heime hos deg. Du får kjøpt gode system for kjeldesortering hos kjøkkenforhandlarar. Gode sorteringssystem er og å finne hos dei fleste interiørbutikkar. Men du er på ingen måte avhengig av å kjøpe kostbare system, du kan og bruke boksar, bøtter, kasser og posar som du har frå før.
Her er nokre idèar til løysingar. Fleire av desse kan bestillast på nettet. Vi gjer merksame på at sortimentet i butikkane kan avvike frå døma vi viser her.