Skip To The Main Content

La oss sortere meir plast

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Vi vil samle meir plast.

Er du klar for ny innsats?

Kvar person i Ålesundregionen kjeldesorterer i snitt fem kilo plastemballasje i året. Folk i Molde sorterer meir enn ti. Å overgå dei, er sjølvsagt ei utfordring. Men med godt lagspel vil vi klare å klatre forbi.

Kampplanen er:

  • Skaffe eit godt og enkelt kjeldesorteringssystem.
  • Sortere all plastemballasje, alltid.
  • Sette ut minst ein full plastsekk kvar fjerde veke.

Å konkurrere er bra, særleg når vi snakkar om miljøtiltak. Våre naboar i Molde har sortert plast i mange år, og har fått eit forsprang. No er vi klare for å ta dei igjen.

Bra jobba! Takk for at du kjeldesorterer!

Takk for at du kjeldesorterer plast