Skip To The Main Content

Hytte- og fritidsrenovasjon

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Hytterenovasjon er eit miljøtiltak

Målet med å gi tilbod om hytterenovasjon, er å unngå forureining, avfall i naturen og bålbrenning. Hytterenovasjon gir eit tilbod som gjer det lett å kvitte seg med avfallet på ein trygg måte.

Her er svar på ein del spørsmål vi vi ofte får

Kvifor innfører kommunen fritidsrenovasjon?

Kommunen er pliktig til å tilby tilfredsstillande tilbod om renovasjon til alle hushald. Avfall frå hytte blir rekna som hushaldsavfall.  Utgangspunktet er at eigedomen bidrar til å gi rom for kvile og muligheit for matstell. Dette er gitt av Miljødirektoratet og gjeld i heile landet.
 ÅRIM har ansvaret for renovasjon i kommunane som eig selskapet, og utfører tilbodet på vegner av den enkelte kommune. Selskapet har snart innført hytterenovasjon i alle eigarkommunane.

Kven må betale hytterenovasjon?

Alle som har bygning registrert som hytte/fritidsbustad får krav om å betale hytterenovasjon. Kommunen har fritatt enkelte områder frå å betale renovasjon

Kva område dette er, kjem fram i kart i den enkelte kommune si renovasjonsforskrift

Eg er nesten aldri på hytta, kvifor må eg betale like mykje som naboen?

ÅRIM veit at du har hytte, men har ingen kunnskap om korleis, eller kor ofte du bruker ho. Vi forstår at folk opplever det som urettferdig at folk med små hytter betaler like mykje renovasjon som dei med store hytte. Hytterenovasjon er som ei spleiseordning for dei som har hytter, der alle betaler likt. Vi har lagt vekt på å lage eit så rasjonelt og enkelt tilbod som mogleg.

Hyttepunkta har ikkje optimal plassering

Hyttepunkta er i stor grad plassert i nærleiken av større hyttefelt, eller langs vegen der folk køyrer heim frå hytta. For å få lov til å plassere ut konteinarara for avfall, må Årim ha avtale med grunneigar. Det får vi ikkje alle stader.  Ordninga er også under utrulling, det vil seie at vi arbeider for å tilpasse og betre ordninga. Samtidig må vi passe på å ikkje fordyre ordninga. Her er det viktig med konstruktive tilbakemeldingar og forslag frå hytteeigarar.

Er hytterenovasjon eit tiltak for at kommunen skal tene pengar?

Tenestene Årim er ansvarlege for er sjølvkosttenester.  Det vil seie at vi tek betalt for det tenesta kostar, ikkje meir, ikkje mindre. Det er ingen som tener på dette, verken Årim eller kommunen. Hytterenovasjonen påvirkar heller ikkje andre delar av kommunen sin økonomi.


Folk kan søke om fritak

Renovasjonsforskrifta gir enkelte eigarar høve til å søke om fritak. Dei som kan dokumentere at hytta står til nedfalls, kan rekne med å få fritak.

Sjeldan bruk av hytta eller liten produksjon av avfall, storleik på hytta, avstand til hyttepunkt gir ikkje grunnlag for fritak.

Dei som meiner dei har grunn til å få fritak frå hytterenovasjon vil få klagen behandla hos ÅRIM. Dersom Årim er i tvil om søknaden gir rett til fritak, eller søkar klager på vedtaket, blir klagen sendt til eit eige klageutval som behandlar klagen.

 

 


Hytte- og fritidsrenovasjon

Les informasjon om hytterenovasjon i regionen. Brosjyra gjeld for alle kommunar som har hytterenovasjon.