Skip To The Main Content

Slik bruker du Min Renovasjon

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

minrenovasjon_arim

Last ned app-en Min Renovasjon

GooglePlay
Save
AppStore
Save
Min Renovasjon er ein app for smarttelefonar. Appen viser tømekalender, sorteringsinformasjon, returpunkt og opningstider for miljøstasjonane. Appen gir ei påminning når avfallet blir henta.

Appen er gratis.
 

Bruksanvisning


Last ned Min Renovasjon-appen gratis ved å trykke på desse knappane under:

Illustrasjon. Svart firkant med tekst Android App På Google Play Illustrasjon. Svart firkant med tekst Android App På Google Play
 
Smarttelefonappen Min Renovasjon har fire hovudfunksjonar:
- Tømekalender
- Sorteringsinformasjon
- Returpunkt
- Miljøstasjon (visast som gjenvinningsstasjon i appen).

Nedanfor beskrivast det steg for steg korleis ein legg inn adresse for å få opp informasjon i appen. Får du beskjed om at appen vil sende deg push-varsel, må du godta dette for å kunne bruke varslinga i appen.

Slik bruker du App-en Min Renovasjon

min r startskjerm

Steg 1.

Når appen startar, kjem du til startskjermen som ​vist på skjermbiletet​.​

Klikk på det grønne pluss-teiknet for å velge kommune.

Du kan bestille varsling til fleire adresser, om du har behov for ​det.

vel kommune

Steg 2.

Velg kommunen du bur i, i den alfabetiske lista.
skriv inn namn
oversikt

Steg 3.

​Skriv inn gateadresse eller gards- og bruksnummer. Gards- og bruksnummer skriv du slik: 25/248 (gardsnummer først).

Klikk søk.

Finn du di adresse, trykker du på denne.

Finn du ikkje di adresse, kan du velge ei anna adresse som har henting av avfall samme dagar som deg (naboadresser). Ta eventuelt kontakt med ​ÅRIM så ​vil vi hjelpe deg.

Steg 4

Her er oversikta over ​innhaldet i app-en.

  • Tømmekalender viser dei to neste hentingane på oppgitt adresse. Her vel du også tidspunkt for når du vil bli varsla.
  • Sortering viser sorteringsinformasjon.
  • Returpunkt viser kart med glasigloar og Fretex-containarar i området (kan zoomast inn og ut)
  • Miljøstasjonar opningstider viser når miljøstasjonane våre er opne.
sett tidspunkt

Steg 5

For å legge til ei varsling må appen ha tillatelse til å sende push-varsel.

Vel at du vil ha varsling dagen før, og vel det klokkeslettet som passar best for varslinga. Merk at det kan vere lurt å oppdatere appen til nyaste versjon jamleg, slik at varslinga fungerer optimalt. Appen er også avhengig av at ein har slått på mobildata eller har på trådlaust nett på varslingstidspunktet for at det skal fungere.  

Har du Samsung-telefon og ikkje får varsling?
  • Vel innstillingar.
  • Gå inn på app-ar.
  • Vel Min Renovasjon.
  • Vel tillat varsler

Oppdater app-en

Dersom du har problem med app-en, kan du forsøke å slette han, og leggje inn på nytt.