Skip To The Main Content

Abonnementet

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Innsamling av plast  Standardabonnementet i ÅRIM-kommunane er:

  • 140 l restavfallsdunk 
  • 240 l papiravfallsdunk (eventuelt 140 l)
  • 140 l plastemballasjesekk 

Restavfall blir henta kvar veke. Papir og plast blir henta kvar fjerde veke i samme bil. Dersom du ikkje veit kva dagar avfallet blir henta, kan du sjå det på renovasjonskalenderen for din kommune. Du kan også bestille SMS-varsling for å få melding på telefon kvelden før.

Større papirdunk utan pristillegg

​Mange har 140 l papirdunk. Du kan få ​større papirdunk utan tillegg i pris. Du kan bestille større papirdunk her.

Har du behov for større eller mindre restavfallsdunk?

Større restavfallsdunk har høgare pris. Ta kontakt dersom du ønskjer å endre abonnementet ditt. 

Redusert abonnement

Dersom du har lite avfall, kan du ha henting kvar andre veke eller dele dunk med naboen. Du kan da bestille redusert abonnement.

  • Om du bestiller redusert abonnement, skiftar vi til lyst grått lokk og hentar avfallet kvar andre veke
  • Om du samarbeider om abonnement med naboen, har de halve dunk kvar. Lokket blir ikkje skifta, dunken blir tømt kvar veke

I begge tilfelle oppnår de prisreduksjon. Ta kontakt med ÅRIM for meir informasjon. 

 

Renovasjonskalender

Last ned kalender for din kommune.