Skip To The Main Content

Rettigheiter og plikter

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Rettigheiter og plikter

Renovasjonstenesta er ei lovpålagt teneste, og er basert på retningslinjene som står i renovasjonsforeskrifta

Dette kan du forvente av oss:

  • At restavfallet blir henta kvar veke (dei med redusert abonnent har annankvar veke)
  • At plastemballasjen og papiravfallet blir tømt på fast hentedag hver fjerde veke
  • At avfallet i størst mogleg grad blir energi- eller materialgjenvunne
  • At innsamling og tømming foregår slik at det medfører minst mogleg ulempe i.f.t. støv, støy, lukt og liknande.
  • At vi legger igjen beskjed dersom du som abonnent har gjort noko som resulterer i at avfallet ikkje blir tømt.
  • At vi rettar opp i avvik i forhold til tømming så snart som mogleg etter at avviket er varsla til oss.
  • At vi behandlar skriftlege henvendelsar etter forvaltningslova sine bestemmelsar.
  • At vi gir deg informasjon, råd og veiledning om renovasjon og kildesortering.

I samband med høgtider og helligdagar kan avvik frå fast tømmedag forekomme.

Dette forventar vi av deg:

 

  • At du kjeldesortere avfallet etter ordningane som er i din kommune. 
  • At du leverer farlig avfall til ein miljøstasjon.
  • At du leverer ee-avfall til ein forhandlar eller bemanna miljøstasjon.
  • At privat tilkomstveg til avfallsdunkane er måka og strødd før tømming i periodar med snø og is.
  • At avfallsdunkane skal vere lett tilgjengelige.
  • At du melder frå til oss dersom du ønskjer å flytte avfallsdunkane dine.
  • At du sørger for nødvendig reinhald av oppsamlingsutstyret.
  • At du tek kontakt dersom det blir endringar i abonnementsforholdet.
  • At du tek kontakt dersom du har spørsmål

 

Slik klagar du dersom renovasjonstenesta ikkje fungerer som ho skal:

 

  • Ta kontakt med ÅRIM, på telefon eller e-post dersom du har ei melding om avvik
  • Dersom du har eit vedvarande problem kan du sende oss ein skriftleg klage, enten på e-post eller brev.
Vi gjer merksam på at renovatøren ikkje alltid tømmer til faste klokkeslett, dette kan av ulike årsaker variere frå veke til veke.

 

 

 

Renovasjonsforeskrifter

Årim samarbeider med medlemskommunane om å kome fram til ei felles renovasjonsforskrift. Dette er eit arbeid som pågår.