Skip To The Main Content

Støtte til tøybleier

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

baby og bleier

​Tilskot til kjøp av tøybleier

Om de bruker tøybleier til barnet, blir det mindre avfall. ÅRIM gir difor støtte til familiar som bruker tøybleier.

Kvart bleiebarn bruker mange bleier kvar dag. I snitt blir dette eit tonn med avfall i bleieperioden. Bruk av tøybleier kan redusere avfallsmengda. Om de bruker tøybleier kan de også sjølve spare pengar. Etter tre år kan de ha spart mellom 7000 og 10 000 kroner.

For å få utbetat tilskotet på tusen kroner, treng vi kvittering som viser at de har kjøpt tøybleier. Fyll ut skjema, legg ved kvittering og send inn skjema.

Gyldig kvittering gir ei utbetaling på 1000 kroner.

Vi ønskjer lykke til med småbarnsåra.

Fyll inn barnet sitt namn
Fyll inn fødselsdato
Fyll inn namn på føresette
Fyll inn adresse
Fyll inn postnummer og -stad
Fyll inn telefonnummer
Fyll inn e-post
Fyll inn kontonummer
Fyll inn kjøpssum.
Du kan få utbetalt eingongsbeløp på  inntil kr. 1000,-
Kvittering - kjøp av tøybleier
Last opp kvittering på kjøp av tøybleier

Spørsmål og svar:

Kan eg få støtte om eg kjøper brukte tøybleier?
Ja. Send oss kvittering med namn og adresse på seljar, kjøpar, dato, stad og kjøpssum.

Kor mykje kan vi få i støtte?
Ein familie kan få ei eingongsstøtte på kr. 1000,-

Kven kan få støtte?
Innbyggjarar som er kundar hos ÅRIM.