Skip To The Main Content
ÅRIM illustrasjon

Renovasjon

ÅRIM hentar restavfall, papir og plast heime hos om lag 36 000 kundar i tolv kommunar i Ålesundregionen. Selskapet har kontrakt med RenoNorden, som hentar avfallet i alle kommunane. Restavfallet blir levert til forbrenning til Tafjord Kraftvarme. Papiret blir sendt vidare til gjenvinning i Tyskland og Nederland på gassdrivne fraktebåtar frå Ålesund. Plastemballasjen blir sendt til plastsorteringsanlegg i Noreg, Sverige og Tyskland.

Slam

ÅRIM tømmer om lag 10 000 slamtankar, rundt om i kommunane som eig selskapet. Slammet blir brukt til å lage kompost. I dag skjer dette i Vestnes, på ​Vigra, Harøya og i Ålesund. Tankane blir kontrollert ved tømming. Kundane som har feil ved anlegga får informasjon om dette.  ÅRIM har kontrakt med Miljøservice, som tømmer alle tankane.

Miljøstasjon

ÅRIM har ansvar for ti miljøstasjonar i Ålesundregionen. Her kan innbyggjarar levere alle typar avfall til gjenvinning. Avfallet som blir levert inn blir trygt behandla, og materialgjenvunne i størst mogleg grad. ÅRIM har eigne tilsette på Bingsa og i Haram. I dei andre kommunane har selskapet avtalar med ulike aktørar som utfører oppgåvene.

Mobil miljøstasjon

I første halvår køyrer ÅRIM sin mobile miljøstasjon og samlar inn farleg avfall der folk bur. Bilen står lett tilgjengeleg plassert ved butikkar og andre

 

Returpunkt

ÅRIM har om lag 100 returpunkt for glas og metall plassert rundt omkring i dei tolv kommunane. Punkta blir plassert der folk ferdast, slik at det skal vere enkelt å levere glas- og metallemballasje for folk på farten. Punkta står nær butikkar, skular, og andre sentrale møtepunkt.

Informasjon

Selskapet driv eit aktivt informasjonsarbeid for å ha eit positivt og truverdig omdøme.  Det er nødvendig med eit breitt informasjonsarbeid for å gjere folk kjent med tenestetilbodet, og få mest mogleg avfall til gjenvinning.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA