Skip To The Main Content
mann i bil gir kort til hand_Kristin stoylen

ÅRIM sendte digitale miljøstasjonkort til 3​7 000 kundar i 2015. Med kortet har kundane ei kvote med avfall dei kan levere utan å betale på miljøstasjonen. Kvoten er basert på kva type abonnement kunden betaler for. Den mest vanlege kvoten er 600 kilo avfall til sortering, 1000 kilo farleg avfall, samt fri mengde ee-avfall og hageavfall. Kunden registrerer leveringa på miljøstasjonen. Ved levering over kvote, betaler dei etter prisliste.

ÅRIM har drive nyskapande utviklingsarbeid for å få eit hensiktsmessig system på plass. Ved årsskiftet hadde ni av ti miljøstasjonar  systemet klart. Løysinga på stasjonane er brukarvenleg, og selskapet får registrert avfallet og innleveringane som planlagt.  Systemet gir informasjon om kva og når folk leverer, noko som igjen gir muligheit til å planleggje og tilpasse ressursbruken best mulig.


Legg til min rapport

Skriv ut

Last ned
heile årsmeldinga
ÅRIM

ÅRIM - Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS - post@arim.no  - 70 31 41 00  - arim.no  - org nr. 994 717 286 MVA