Skip To The Main Content

Nye dunkar og utstyr

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

fire dunkar

Dette utstyret får du 

Nytt utstyr for sortering ute

  • Ein ekstra dunk for matavfall. Grønt lokk.
  • Ein ekstra dunk for glas- og metallemballasje. Orange lokk.

Utstyr for å sortere avfallet inne

  • Boks for farleg avfall. Ta med avfallet til ein bemanna miljøstasjon.
  • Matavfallskorg til å sortere matavfall i.
  • Matavfallsposar til å ​ha matavfallet i
Årim - Farlig avfall Lukket

Boks for farleg avfall

Alle får ei boks til å samle farleg avfall i. Boksen har lokk med barnesikring, noko som gjer at du får oppbevart farleg avfall tryggare heime. Når boksen er full, tek du ho med til ein bemanna miljøstasjon. Du kan også ta avfallet med til ÅRIM sin mobile miljøstasjon når selskapet har farleg avfall-innsamling i nærområdet ditt. Dette skjer på ​vinterstid kvart år.

Årim - Matavfall Liten - Lukket uten pose

Korg til matavfall

Du får utdelt ei lita korg som du kan bruke til å samle matavfallet i. Du kan også bruke eige sorteringsutstyr, om du har det.

grone posar

Grøne posar til å sortere mat i

VI deler ut tre rullar med grøne posar. Desse bruker du til å ha i korga, og leggje maten i. Posane er laga av gjenvunne plast. Om du går tom for posar, kan du også bruke ordinære butikkposar.