Skip To The Main Content

Nye krav frå myndigheitene

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

mat_kompost

Miljødirektoratet foreslår obligatorisk sortering av mat- og plastavfall

Miljødirektoratet ​har foreslått å stille krav til kommunar og næringsaktørar om å sortere og materialgjenvinne mat- og plastavfall. Bak kravet ligg eit EU-krav som seier at femti prosent av hushaldsavfallet skal bli gjenvunne innan 2020. Krava vil bidra til å innfri EU sitt krav til materialgjenvinning, reduserte klimagassutslepp, redusert energibruk og andre positive miljøeffektar i Noreg og andre Land.

Miljødirektoratet foreslår:

  • Tiltak 1: Innføre kjeldesortering for våtorganisk avfall i kommunar utan ei slik løysing.
  • Tiltak 2: Innføre ​kjeldesortering for våtorganisk avfall i næringsverksemder som genererer husholdningsliknande avfall, og som ikkje har slik kjeldesortering i dag.
  • Tiltak 3: Forbetre eksisterande k​jeldeorteringsløysingar for våtorganisk avfall i kommunar med ei slik løysing,
  • Tiltak 4: Forbetre eksister​ande k​jeldesorteringsløysingar for våtorganisk avfall hos næringsverksemder som genererer husholdningsliknande avfall.
  • Tiltak 5: Byggje opp kapasitet til forbehandling/behandling av 150 000 tonn våtorganisk avfall fram mot 2030.

Dette viser at strategien ÅRIM har foreslått for regionen er basert på nasjonale føringar og gjeldande kunnskap om korleis matavfall bør behandlast.

Metall ein får ut etter askesortering kan også reknast som materialgjenvinning

Miljøkomiteen i Parlamentet opnar for at gjenvinning av metall frå aska frå forbrenningsanlegg i framtida kan telle med når total andel materialgjenvinning skal reknast ut, gitt at dette metallet oppfyller nærare kvalitetskriteriar:

  • Det er ein føresetnad for dette at det er innført separat innsamling eller forsortering av glas og metall.
  • Formuleringa i vedtaket er: «[…] and that waste has been sorted prior to incineration or the obligation to set up separate collection for paper, metal, plastic, glass and bio-waste has been complied with.»

Bruk av mineralar i aska (som glas) til vegføremål og liknande blir heller ikkje i det nye europeiske avfallsregelverket godkjend som materialgjenvinning; dette er i regelverket definert som «backfilling».

  • Den danske definisjonen er: «opfyldning»: en nyttiggørelsesoperation, hvor egnet affald anvendes til reetablering af udgravede områder eller ingeniørtekniske formål i forbindelse med anlægsarbejder, og hvor affaldet anvendes som erstatning for andre ikke-affaldsmaterialer

EU-parlamentet har stemt over avfallsdirektiva

Miljøkomitéen i EU-parlamentet har i januar 2017 stemt over endringsforslaga til avfallsdirektiva i sirkulærøkonomipakken.

Dei viktigaste endringsforslaga er:

  • Forsterking av medlemslanda si rolle i å fremje avfallsreduserande tiltak og ombruksløysingar.
  • Nye EU-mål om matavfallsreduksjon og reduksjon i marin forsøpling.
  • Obligatorisk utvida produsentansvar for alle produkt, og krav om regulerte produsentansvarsordningar for visse avfallstypar. Dette inneb​er også nye minimumskrav til gjenvinningsgrad for avfall samla inn av alle produsentansvarsordningar.
  • Auka mål for materialgjenvinning. Endringsforslaget fremjar 70 prosent for husholdningsavfall innan 2030, ​der minimum 5 prosentpoeng av materialgjenvinninga skal vere klargjering til ombruk.
  • Ny obligatorisk kjeldesortering av tekstilar innan 2020, i tillegg til utvid​a krav til matavfallssortering, med unntak i tynt befolka område. Å auke målet for materialgjenvinning av emballasje med 5 prosent, og innføre eigne ikkje-bindande mål for ombruk med 5 og 10 prosent innan 2025 og 2030.
  • Å åpne for at Kommisjonen kan setje mål også for øvrig næringsavfall. Direktiva for avfallsrammer, emballasje, bilar, batteri EE-avfall og deponi blir omfatta av avstemninga.

De neste månadane vil EU-kommisjonen, Europaparlamentet og Ministerrådet diskutere vegen vidare. Det er venta at Ministerrådet vil gå inn for å redusere målet om materialgjenvinning innan 2030 til 60 prosent, medan Kommisjonen vil foreslå 65 prosent. Les meir om hva kjeldesortering av matavfall kan betyr for Noreg.