Skip To The Main Content

Sortering av mat

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

mann mat matkorg

Sortering av matavfall

Du kan sortere alle typar matrestar som matavfall. Vi oppfordrar samtidig om å kaste så lite mat som mogleg. 

 
​No blir det matinnsamling i heile Ålesundregionen. Giske kommune er først ut ​i november 2017. Deretter startar vi opp kommune for kommune. Innbyggjarane i den enkelte kommune får informasjon ​nokre veker før oppstart.

 

JA TAKK

  • Frukt og grønsaker
  • Brød og bakervarer
  • Kjøt
  • Fisk
  • Meieriprodukt
  • Måltidsrestar
  • Eggeskal og nøtteskal
  • Skaldyrrestar
  • Kaffegrut, - filter og teposar
  • Tørkepapir med matrestar

NEI TAKK

  • Mat som kan bli spist
  • Matemballasje
  • Andre typar avfall enn mat

Dette ​skjer med matavfallet

Matavfallet du sorterer blir til miljøvenleg drivstoff og gjødsel. Biogassen erstattar andre typar drivstoff som har høgare miljøbelastning. Gjødsla fører fosfor og andre næringsstoff frå mat tilbake til jorda og held dei kretsløp. Den erstattar også kunstgjødsel. 

Å lage biogass og biogjødsel av matavfallet gjer at vi får utnytta ressursane betre enn ved forbrenning.
gulrot som klemmer

Spis meg

Svært mykje mat er like god om han ser litt uvant ut eller er  etter "best før"-datoen. At kvar person kastar over førti kilo mat i året er kostbart både for miljøet og lommeboka til den enkelte.

Stol på sansane dine - sjå, smak og lukt på maten.

Det som ikkje er spiseleg sorterer du som matavfall.