Skip To The Main Content

Kva meiner kundane?

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Far og datter i døra

Om folk som sorterer mat - ein liten sniktitt

Kva meiner folk eigentleg om all denne sorteringa?  Kor mykje mat går i den nye dunken? Korleis går det for folk når dei først er komne i gong? ÅRIM er i sluttfasen av ei kundeundersøking i Giske. Resultata er snart klare -  her får du ein liten sniktitt.

 

Folk blir positive til å sortere når dei er i gong.

La oss først gå tilbake til april. Da vedtok representantskapet ny sorteringsordning, og ÅRIM gjennomførte ei undersøking for å kartleggje folk sine haldningar til å sortere mat.

Sju av ti sa dei var positive til å sortere matavfall. Godt. Ein av fire sa at dei var negative – eit tal ÅRIM vurderte som noko vi måtte jobbe med.

Vi var difor spente på kva eiga erfaring med å sortere gjer med folk si haldning til å sortere. Folk på Giske fekk nye dunkar i november, og har sortert mat i eit par månader. No i februar gjennomfører ÅRIM ei oppfølgjande spørjeundersøking. Vi ønskjer å vite kva folk meiner no. Svara gir oss muligheit til å gjere tilpassingar når vi rullar ut ordninga i dei øvrige kommunane.

Svara vi har så lang fortel at ni av ti er positive etter oppstart. Dette er rask endring. Det betyr at det berre er ein av ti som seier dei er negative til å sortere mat. Vi veit at haldningar også påvirkar motivasjon for å sortere avfallet riktig. Vi forventar difor at positive haldningar også fører til auka mengder og god kvalitet på sorteringa

 

Kor mykje sorterer folk eigentleg?

Så langt seier halvparten av dei vi snakka med, at dei sorterer 2-3 posar i veka. Vi samlar inn om lag 40 tonn matavfall i månaden, dette er omlag 1,2 kilo i veka per husstand. Vi ser dette som ein svært bra start, samtidig som vi forventar at talet vil auke.  I fjor henta vi rundt 120 tonn restavfall i månaden på Giske. Dei første tala no viser at matavfallet vi hentar er om lag ein tredjedel av restavfallet.

Folk innrettar seg raskt

Undersøkinga er ein dør-til-dør-aksjon, vi får difor mange direkte tilbakemeldingar og artige møte. Ei typisk setning vi har fått høyre fleire gonger går slik: «eg var skeptisk før vi starta, men det har eigentleg gått greit når eg først kom i gong». Ei anna er «Ja, dette går fint. Men her er ein i nabolaget som er skikkeleg negativ». Han har vi også møtt og snakka med.