Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(5. september 2012)

Snart får du nye plastsekkar

Alle husstandar får no ein ny rull med plastsekkar som skal brukast til innnsamling av plastemballasje.

Kva er plastemballasje?
Det aller meste av plastemballasjen skal til gjenvinning. Dersom du er usikker på noko av plasten, kastar du han i restavfallet. Døme på dette kan vere plast som har vore brukt til singelfrosne laksefillètar, fettete plastfolie eller plast som har vore brukt til kjøtdeig.

Du får så mange sekkar du har behov forPose på dunk
Når du får behov for nye sekkar kan du knyte ein plastpose på ein av dunkane, helst på restavfallsdunken. Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar. Hugs å knyte posen av dunken når du har fått utdelt ein ny rull.

Hugs å plassere plastsekken godt synleg ved levering

Det er der renovatøren ser etter, og forventar å finne plastsekken. Sekkar som står i garasje, stativ, dunk eller anna blir ikkje henta. Sekken må ikkje knytast fast i dunken.

Har du spørsmål om noko?
Ta gjerne kontakt på post@arim.no eller ring 70 16 41 80. Du kan og gå inn på sorteringsguiden på nettsida vår. Her får du svar på korleis alle typar avfall skal sorterast.

Takk for at du kjeldesorterer avfallet! Dette er ein viktig miljøtiltak.

 

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?