Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(25. september 2012)

Felles innsats gav gevinst

ÅRIM fekk eit stort lass med kartongar på Lekivalen i samanheng med ekstratrekkinga selskapet annonserte til arrangementet. Tre vinnarar fekk 10 000 kroner kvar for miljøinnsatsen sin; Grytastranda Barnehage, tre brør frå Ålesund, og klasse 3 c ved Åse barneskule.

- Jaaaaaa, vi har vunne! jubla den energiske tredjeklassa ved Åse barneskule då Ingeborg Ukkelberg frå ÅRIM besøkte klassa og gav den gode nyhenda.

- Vi kjeldesorterer for å redde regnskogen, svarte ein elev på spørsmål om dei visste kvifor vi kjeldesorterer.

- Og for at vi skal kunne bruke papiret på ny, svarte ein annan med stort engasjement.

Interessa var stor. Sidan dette var ei ekstratrekking med tre gevinstar var vinnarsjansen større enn vanleg.

- Nokre skular og barnehagar kom med heile sekkar som dei hadde bretta og samla inn. Med mange kubbar vart både miljøgevinsten og sjansen for å sjølv vinne større, seier Ukkelberg.

Og denne gongen gav miljøinnsatsen vinnarlykke for Åse skule som leverte inn ein full sekk med små drikkekartongar. Også Grytastranda Barnehage vart glade da dei fekk telefon frå ÅRIM.

- Dette var ei stor overrasking og gav god motivasjon til å fortsetje å kjeldesortere, var responsen dei hadde.

Kort om kartonglotteriet
I Ålesundregionen skal alle drikkekartongar kjeldesorterast og levarast i dunken for papir. Dersom ein ønskjer å delta på det nasjonale drikkekartonglotteriet skal seks kartongar brettast og stappast i den sjuande. Da har du ein kubbe som er eit lodd. Skriv ditt eige namn, eller namn og telefonnummer på ein skule, idrettslag, bestemor eller barnebarn, så blir dette eit lodd i den nasjonale trekkinga.

Kartonglotteriet blir arrangert av Grønt Punkt. Kvart år blir det trekt 30 premiar à 10 000 kroner og 1 premie à 100 000 kroner. I samanheng med at ÅRIM deltok på Lekivalen, fekk vi ei ekstratrekking med tre gevinstar à 10 000 kroner..

 

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?