Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(15. oktober 2012)

Jaktavfall skal ikkje i dunken

No er det høgsesong for jakt og fleire lurer på kvar dei skal gjere av slakteavfallet.  Kadaver skal ikkje i søppeldunken.

Alle døde dyr kan ha smitte i seg og kan vere til fare for renovatørane som handterer avfallet. Renovasjonsbilane er heller ikkje berekna for å handtere store dyreskrottar.  Slakteavfall er ikkje vanleg hushaldingsavfall og kjem innunder Mattilsynet sine forskrifter. Denne type avfall skal ikkje i dunken.

Kvar kan du gjere av slakteavfallet?
Fleire som driv med jakt grev ned slakteavfallet. Dette er lov, men ikkje alltid idèelt med tanke på andre dyr som grev det opp etterpå.

Dersom du har ei lita mengde slakterestar kan du pakke dette godt inn i minst to plastposar og leggje i dunken, ver merksam på at dette gjeld mindre matrestar, avskjer og liknande.

Tafjord Kraftvarme på Grautneset tek imot slakt etter jakt, påkøyrslar og nødslakt for forbrenning, mot betaling.  Dersom dyret er over 30 kilo må det parterast før levering for at dei skal kunne handtere avfallet. Du kan ta kontakt med mottaket deira på telefon 70 17 55 80 dersom du har spørsmål om levering.

Du kan ikkje levere slakteavfall til miljøstasjonen.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?