Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(29. april 2013)

Årsmøte i ÅRIM

ÅRIM hadde årsmøte 26. april. Årsmøtet behandla rekneskap, ordinære årsmøtesaker.og oppdatert økonomiplan for 2013-2015. Forskrift om avfall og slam i Ålesundregionen og strategi for bemanna miljøstasjonar vart også behandla.

Val av styre
Representantskapet gjorde val av styre. Lars Kolbjørn Nogva vart valt vidare som leiar, Trond Trane Lauritsen som nestleiar. Linda Strand Kjerstad og Reidar Andresen fortset også vidare i styret. Vigdis Hove Øye, Knut Flølo og Bente Bruun er nye styremedlemmer.

Behandling av årsmøtesaker
Årsmelding og rekneskap for 2012 vart godkjent av representantskapet. Årsmøtet valte vidare revisor og klageutval, valkomitè, og fastsette godtgjersler.


Sak som omhandla behandling av  forskrift om avfall og slam i Ålesundregionen  fekk følgande vedtak:

  • Årsmøtet i ÅRIM rår eigarkommunane til å vedta framlegget til forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen, med følgjande endring: I § 13 c blir forslaget om ei plikt for kommunen til å innhente fråsegn frå ÅRIM fjerna. Nytt punkt c blir då: «Kommunen kan ta avgjerd om at renovasjonsteknisk plan ikkje treng utarbeidast». (samrøyses)

    Utkast til ny renovasjonsforskrift finn du her.

Sak som omhandla behandling av strategi for bemanna miljøstasjonar fekk følgjande vedtak:

  • Årsmøtet godkjenner strategien for bemanna miljøstasjonar i Ålesundregionen. Endeleg godkjenning av overtaking blir å kome tilbake til i eiga sak hausten 2014. Det skal då leggjast fram konsekvensar for økonomi, leigeavtalar med kommunar og tilsette / drift. (samrøyses)
Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?