Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(12. mai 2013)

Avfallskonferansen til Ålesund

4.-6. juni samlar avfallsbransjen seg i Ålesund. Konferansen er bransjen sin viktigaste møteplass - åtte hundre menneske som på ulike måtar jobbar med avfall og miljø vil fylle bysentrum. Hotella er fullbooka og programmet spekka av gode foredragshaldarar frå inn- og utland.

Innhaldsrikt program
Avfallskonferansen tek opp mange viktige tema som er nært knytta til utforminga av norsk avfallspolitikk i åra som kjem - og dermed utviklinga av avfallsbransjen:
  • Avfall som råvare - er vi på veg mot ein kretslaupsøkonomi?
  • Europa - der det fortsatt tid og muligheiter for ny avfallstenking i eit EU under press?
  • Kva  gjer våre nordiske kolleger?
  • Kva skal skje i Noreg med plast, tekstilar, matavfall - og kan sentralsortering bli den nye løysinga?

Paneldebatt med stortingspolitikarar
Konferansen vil bli innleia av stortingspolitikarar frå Høgre, Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og KRF, der dei diskuterer temaet:

Framtida si avfallshandtering blir ikkje vedteken - den blir skapt av aktørane.

Konferansen blir arrangert av Avfall Norge og Avfallsforum Møre og Romsdal
Konferansen blir arrangert av Avfall Norge. Avfallsforum, der ÅRIM er ein av medlemmene, står som lokalt vertskap og arrangør.


Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?