Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(18. juni 2013)

Ny renovasjonsforskrift

Ålesund, Sula, Haram, Vestnes, Stranda, Stordal, Giske, Ørskog og Sandøy har nylig vedteke ny forskrift for Ålesundregionen. Den nye forskrifta blir i desse dagar handsama av alle kommunane som eig ÅRIM. Når ny forskrift er vedteke i alle kommunestyra, vil ho tre i kraft heile Ålesundsregionen.

ÅRIM arbeider i dag etter om lag tjue ulike forskrifter med ulike reglar over kommunegrensene. Difor har dei tolv eigarkommunane til ÅRIM, gjennom representantskapet, bedt selskapet om å utforme eit forslag til renovasjonsforskrift for regionen. Ei ny, felles forskrift gil gi grunnlag for meir kostnadseffektiv og rasjonell avfallshandtering.

Den nye forskriften handlar mykje om at oppgåver som tidlegare låg til kommunen, no skal utførast av ÅRIM. Innbyggjarar flest vil difor i liten grad oppleve endringar med ny forskrift.

Kommunane har eit lovpålagd ansvar for hushaldsrenovasjonen. Ettersom det blir stilt konkrete krav til abonnentane, må det vere ein heimel i lov eller forskrift for dette kravet. Av omsyn til rettstryggleiken for innbyggjarane må desse krava formulerast mest mogleg eintydig og presist.  Renovasjonsforskriftene skal regulere forholdet mellom renovasjonsselskapet og abonnentane slik at dei meir generelle krava i forurensningsloven blir presiserte.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?