Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(13. juli 2013)

Besøk Mr Boss på Lekivalen

Velkommen til å møte sjølvaste Mr Boss på Lekivalen på Sparebanken Møre Arena, laurdag 28. og søndag 29. august. Vi vil ha morosame kjeldesorteringsaktivitetar med fine premiar til dei som deltek.

Bli med på konkurransen

Ta med så mange drikkekartongar du har, skriv på namn og ver med på ei ekstratrekking av tre premiar à kr 10 000,- Alle kan delta, både skular, barnehagar, lag, organisasjonar eller privatpersonar. Du kan levere inn alle typar drikkekartong; små, store, juice, mjølk, med metallbelegg eller plastbelegg - alle er like viktige å gjenvinne. Putt seks kartongar ned i ein tom, da har du eit "lodd" i konkurransen.

Trekking 30 september

Pass på å skrive tydeleg telefonnummer. Vi trekker vinnaren måndag 30 september og tek kontakt med dei heldige vinnarane så snart vi veit kven dei er.

Lykke til!

Lekivalen, Mr Boss, kartonglotteri

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?