Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(1. september 2013)

Vinnarar av kartonglotteriet


ÅRIM møtte mange ivrige kjeldesorterarar på Lekivalen i år. Fleire av borna hadde god kontroll på kva som var plast, papir, glas og metall. Mange hadde også med seg drikkekartong dei hadde kjeldesortert til ekstratrekkinga.

No har vi trekt dei tre heldige vinnarane av kartonglotteriet:

  • Ellingsøy Barnehage
  • Sandra og Sebastian Tollås
  • Lerstad Skule, klasse 4B

Vi har kontakta vinnarane som sjølvsagt vart svært glade. Ellingsøy barnehage har samla kartongar i mange år og leverer over seksti stykker i veka. Dei leverte ein stor sekk med kartongar på Lekivalen, så deira vinnarsjansar var dermed gode. Søskena Tollås skal bruke pengane til Stockholmstur og Lerstad Skule har planar om gjenta ein vellukka tur dei har hatt til Lepsøya. Da kjem ein slik premie godt med.

Hugs at du er med på kartonglotteriet kvar gong du legg ein kubbe med drikkekartong i papirdunken din. At du kjeldesorterer kan gi gevinst både til miljøet og til deg.




Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?