Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(6. juni 2014)

Delta i kartonglotteriet

All drikkekartong skal kjeldesorterast og leverast til gjenvinning, både store og små, med og utan skrukork eller lokk.

Kvart år blir det brukt ca 750 millioner drikkekartongar i Norge. Det betyr at kvar av oss tømmer 160 kartongar på eit år, eller til saman 2 millionar daglig. Det er viktig at alle desse blir gjenvunne.

Du kan vinne i kartonglotteriet:

Slik gjer du det:

  • Skyller kartongen
  • Brettar kartongen
  • Stappar seks kartongar ned i ein tom kartong
  • Skriv namn og telefonnummer på kubben
  • Legg kartongkubbane rett i papirdunken. Dei blir sortert ut i etterkant

Alle drikkekartongar skal gjenvinnast, både store og små, med og utan skrukork eller lokk. Både private, skular, barnehagar og organisasjonar kan delta og vinne.

I Noreg blir det utdelt:

  • 120  premiar à kr 10 000,-
  • 4 premiar à kr 100 000,-

Kanskje du er den heldige neste gong? ÅRIM deler stadig ut gevinstar i vår region.

 

Unngå å kaste kartongane i restavfallet eller brenne dei i peisen.

Om du puttar kartongane i peisen gir dei luftforureining og øukar faren for pipebrann. Om du kaster dei i restavfallet vil dei ikkje bli materialgjenvunne. Havnar kartongane i naturen tek det minst 5 år før dei er brotne ned.

Drikkekartong blir til nye produkt.

Kartonger blir materialgjenvunne til nye papir- og kartongprodukter som teknisk papir, cornflakes- og pizza esker.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?