Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(10. desember 2014)

Velkomen til miljøstasjonen

 ÅRIM driv miljøstasjonane i Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal,  Stranda, Sykkylven, Sula, Vestnes, Ørskog og Ålesund.

Miljøstasjonkort
I 2015  fekk alle husstandar eit miljøstasjonkort. Med kortet fyl ei kvote som gir rett til å levere 600 kilo grovavfall utan å betale ved levering. Målet er at det skal bli enklare for deg å levere avfallet til trygg behandling. Vi håper du vil oppleve tilbodet som positivt.

Du kan levere avfall til alle miljøstasjonane i Ålesundregionen
Alle med kort har altså eit bevis på at du betaler renovasjonsgebyr. Dette gir deg óg muligheit til å bruke alle miljøstasjonane i Ålesundregionen. Miljøstasjonane har ulike opningstider, dette kan gjere det enklare for ein del å levere avfall.

Her finn du oversikt over miljøstasjonane i regionen.
 
Ein del av renovasjonsgebyret
Kostnadane til kvoten blir innbakt i det årlege renovasjonsgebyret. Renovasjonsgebyret er vedteke av kommunestyret. Der er ulike prisar i kvar kommune.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?