Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(7. januar 2015)

Dette er det mange som lurer på...

Mista miljøstasjonkort
Dersom du har mista miljøstasjonkortet ditt, kan du få nytt mot eit gebyr mot kroner 250,- Du kan bestille nytt på post@arim.no

ÅRIM sendte ut miljøstasjonkort til alle som betaler renovasjonsgebyr før jul.

Gløymt miljøstasjonkort da eg skulle levere avfall
Alle som leverer avfall må vise miljøstasjonkort eller betale. Kortet er eit bevis på at du betaler renovasjonsgebyr. Har du ikkje med kortet, får du dessverre betale. Vi kan ikkje refundere beløpet i etterkant.

Gamle miljøstasjonkort eller kort frå kommunen du bur i
Frå 1 januar 2016 er det berre ÅRIM sine digitale plastkort som er gyldige. Vi kan ikkje registrere besøket eller avfallet du leverer på gamle kort. Dette gjeld kort frå Sykkylven, Stranda, Sula og Skodje.

Her kan du lese meir om kort og kvote.

Ekstra restavfall?
Du kan kjøpe orange ekstrasekk hos ÅRIM eller hos kommunen. Denne type sekkar kan du plassere ut saman med restavfallsdunken når du har ekstra avfall. Renovatøren vil da ta med sekken. Andre typar sekkar tek vi dessverre ikkje med.

Større papirdunk?
Dersom du har mykje papir, er tipset å bestille større papirdunk. Det kan du gjere utan pristillegg ved å klikke på linken under:

  • Bestill større papirdunk

  • Levering av plastemballasje:
    Du kan levere så mange sekkar med plastemballasje som du har behov for. Knyt ein pose på papirdunken din dersom du har gått tom for sekkar.

    Kva skal eigentleg sorterast som plast?
    Her får du svar på korleis du skal sortere plast og alle andre avfallstypar.

    Bruk miljøstasjonen:
     
    Du er velkomen til å levere avfall på miljøstasjonen


    Kvar skal vi sortere nyårsrakettene?
    Brukte raketter skal i restavfallet når det ikkje er fare for at dei kan ta fyr. Raketter som ikkje har gått av eller som du har behov for å kaste, skal  leverast til aktørar som sel nyårsraketter. Dersom du ikkje veit kven desse er, kan ÅRIM hjelpe deg med kontaktinformasjon.

    Hugs at raketter ikkje må blandast med farleg avfall.

    Elles kan du ta kontakt med politiet på 02800 for å få vite korleis du skal kvitte deg med eksplosjonsfarleg avfall.

    Kvar skal vi sortere elektrisk julepynt?
    Alt det har gått straum gjennom er elektrisk eller elektronisk avfall. Dette kan du levere til butikkar som sel denne type produkt eller til ein bemanna miljøstasjon. Eksempel på dette er batteri, lysslynger, juletrelys eller blinkande nisser.

    Opningstider miljøstasjonar
    Avfallsguide
    Renovasjonskalender

    Når blir avfallet mitt henta?