Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(7. oktober 2016)

Foreslår ny avfallsordning i Ålesundregionen

I 2020 er kravet frå EU at halvparten av det kommunale avfallet skal gjenvinnast eller gjenbrukast. Ålesundregionen er langt unna målet, dette betyr at vi raskt må ta tak i korleis vi handterer avfallet vårt. Både avfallsselskapa og den enkelte husstand må vere innstilte på vesentlege endringar. Difor legg ÅRIM opp til ny sorteringsordning for avfall i Ålesundregionen.

Det folk flest vil merke med ny ordning, er fleire dunkar til sortering, dei må etablere nye kjeldesorteringsvaner, og at ÅRIM hentar avfallet med andre frekvensar enn før. På denne måten får dei levert mykje meir til materialgjenvinning.

Representantskapet i ÅRIM har sendt strategi for ny avfallshandtering ut til høyring. Høyringsfrist er 20. februar 2017.

DETTE SORTERER VI UT I DAG:

I 2015 sorterte hushaldningane i ÅRIM ut 31 % av avfallet. Vegen fram til 50 % krev mykje meir kjeldesortering heime hos folk, det er ikkje mogleg å nå målet med den innsamlingsordninga ÅRIM har i dag.

FORESLÅTTE ENDRINGAR I PERIODEN 2017-2019

Vi må gjenvinne mykje meir avfall
For å få ut ressursane i det folk kastar, må avfallet vere sortert, og for at kvaliteten på det vi sorterer ut skal bli god nok, må kvar enkelt sortere meir.

ÅRIM foreslår sortering  og henting av:
•    Matavfall – nytt tilbod
•    Glas- og metallemballasje (heime hos folk) – nytt tilbod
•    Papir – som i dag
•    Plast – som i dag
•    Restavfall – som i dag

I tillegg får alle husstandene utlevert ein raud boks der folk kan samle det miljøfarlege avfallet sitt. Denne leverer folk sjølve til ein bemanna miljøstasjon.

Den nye ordninga skal bidra til at folk leverer mindre restavfall, og meir av dei andre utsorterte avfallstypane. Dette vil føre til at selskapet ikkje treng å hente restavfallet så ofte som før. Totalt sett blir det dermed ikkje meir køyring med renovasjonsbil.

ÅRIM foreslår fleire andre tiltak, som står omtalt i strategien.

KVA ER MILJØNYTTEN?

Å brenne avfallet gir god energiutnytting i form av varme. Nasjonale og internasjonale studiar viser samtidig, at å kjeldesortere avfallet og bruke denne til biogass og biogjødsel har ein høgare miljøgevinst, også der avfallet må fraktast lengre enn restavfallet.

Matavfallssortering er vanleg elles i landet. Ålesundregionen er ein av få regionar som ikkje har dette på plass.

SIRKULÆR ØKONOMI:

Europa har starta ei omlegging frå lineær til sirkulær økonomi. Ein sirkulær tankegang inneber at produkt som blir kasta, skal handterast slik at dei er eigna til å bli brukt som del av nye produkt. Dette betyr ei omlegging for aktørane gjennom heile prosessen; frå design, produktutvikling, sal, bruk, reparasjon og til produktet skal handterast som avfall.

​LES STRATEGIEN


Her ligg strategidokumentet: Strategi for ÅRIM 2020-2025



Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?