Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(22. februar 2017)

Mobil miljøstasjon - innsamling der du bur

 jente med batteri

Lever miljøfarleg avfall

I mars og april 2017 kjem ÅRIM med ein mobil miljøstasjon.som samlar inn målingsspann, kjemikaliar, sprayboksar, småelektronikk, lyspærer og anna miljøfarleg avfall nær der folk bur.

 

Her er døme på avfall vi tek imot:

Batteri - alle typar
Elektriske leiker
Kablar og leidningar
Lysrør og lyspære
Løysemiddel og kjemikaliar
Småelektronikk/små el-apparat
Sprayboksar
Måling, lim og lakk

Den mobile miljøstasjonen kan dessverre ikkje ta imot:
Farleg byggavfall, trykkimpregnert trevirke og vindauge. Kvitevarer og elektronikk større enn ein microbølgeomn, som flatskjermar, komfyrar og kjøleskap. Restavfall og andre avfallstypar.

Storboss og grovavfallsinnsamling i Haram og Stranda

​Folk som bur på Haramsøya, Lepsøya og Fjørtofta kan i tillegg levere inn andre typar avfall, på grunn av lang veg til miljøstasjonen.

 

Ta kontakt med ÅRIM på telefon 70 31 41 00 eller post@arim.no dersom du har spørsmål om kva du kan levere.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?