Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(20. mars 2017)

Lever ting til gjenbruk

 gjenbruk  

No kan du levere gamle syklar, møblar, interiørartiklar, sportsutstyr, verktøy og anna til gjenbruk på ÅRIM sine miljøstasjonar. Det du leverer dit blir brukt på ny. Dette er eit godt miljøtiltak som har vore etterspurt lenge.

Bingsa i Ålesund var den siste stasjonen som fekk på plass gjenbrukstilbod. Etter kort tid har tilbodet blitt svært populært. ÅRIM har avtalar med to ulike aktørar som kjem og hentar ting dei meiner er interessant å selje i sine lokale gjenbruksbutikkar.

Nokre lurer på om det er mulig å hente ting som andre har levert til gjenbruk på miljøstasjonen. Det er det dessverre ikkje. Dei som er interessert kan heller oppsøke butikkar som sel brukte ting. ÅRIM kan heller ikkje plukke ting frå konteinarane og ​sortere til gjenbruk. Dette er opp til folk sjølve å bestemme. Det folk har kasta til gjenvinning, blir også sendt til gjenvinning.

Her kan du lese meir om tilbodet.

Velkomen til å levere ting til gjenbruk!

 

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?