Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(20. september 2017)

Plastfritt hav! Vil du bli ein strandreddar?

INVITASJON TIL ALLE STRANDREDDARAR!

Plast i havet er eit enormt problem og vi er mange som arbeider for eit reint og plastfritt hav. 

23. september kl 11-13 er det open dag på Atlanterhavsparken i Ålesund. Det er gratis inngang for store og små som registrerer seg som strandryddarar.


DETTE SKJER:
- Utstilling om plast i havet
- Aktivitetar for barn
- Plastkunst laga av elevar frå Giske
- Folk som arbeider med miljø på Sunnmøre er der for å snakke med publikum om arbeidet med strandrydding i regionen. Vi vil ha deg med på laget.

Arrangementet er for alle som er interesserte i arbeidet med å få plasten ut av havet. Håpet vårt er å engasjere mange nye strandryddarar. Dette er eit givande arbeid alle kan vere med på.

Arrangementet er spesielt retta mot barn - alle er velkomne!

ARRANGØRAR:

- Sunnmøre Friluftsråd
- Plastfritt Giske
- Ellingsøy Idrettslag
- Renovasjonsselskapa SSR, VØR og ÅRIM

- i samarbeid med Atlanterhavsparken og Havlandet, Sparebanken Møre

Foto: Vasco Pinhol
Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?