Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(21. september 2017)

Reno Norden er konkurs. ÅRIM har kontroll på situasjonen

Sidan Reno Norden gjekk konkurs har ÅRIM vore i krevjande forhandlingar med konkursbuet og kreditorane. Målet har heile tida vore å kome best mogleg økonomisk ut av situasjonen, samtidig som renovasjonstenesta skulle gå som normalt.

Etter konkursen har ÅRIM gjort følgjande:

  • Avfallet blir no henta i eigenregi. Det vil seie at avfallet vil bli henta på samme måte som før, men at ÅRIM har tatt over det ansvaret som Reno Norden har hatt. 
  • Renovatørane som tidlegare var tilsett i Reno Norden har fått arbeidskontrakter hos ÅRIM. 
  • ÅRIM har kjøpt ut renovasjonsbilane og eig desse sjølve.

Styret i ÅRIM har no inngått nødvendige avtalar for å sikre renovasjonstenesta. Renovatørane er tilsett i ÅRIM og renovasjonsbilane er kjøpt ut. Dette betyr at innbyggjarane ikkje kjem til å merke endringar eller problem med tenestetilbodet.

Konkursen vil gi nokre driftsmessige og økonomiske konsekvensar for ÅRIM.  ÅRIM arbeider for å få full oversikt over desse, og oppdaterer no budsjettet for dei neste fire åra.  Budsjett og økonomiplan skal behandlast av representantskapet, 27. oktober kl 9.30 hos ÅRIM.



Informasjon til innbyggjarane
ÅRIM informerer i hovudsak via eigne nettsider og media. Vi sender også fellesmailar til kommunane  dersom det oppstår endringar som får konsekvensar for renovasjonen.

ÅRIM oppdaterer saka
Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?