Meir sortering gir behov for å vurdere kva renovasjonsutstyr som fungerer best. Utstyret må vere praktisk både for dykk som bur der og renovatørane som skal hente avfallet. Det skal også sjå ryddig og ordentleg ut. I mange tilfelle er det ein god idè at fleire deler på felles utstyr. Dette tek mindre plass og er meir estetisk i nærområdet. Det finst ulike gode løysingar.
I hovudsak er der tre typar renovasjonsutstyr
- Avfallsbrønnar
- Bakkekonteinarar
- Felles dunkar
Støtteordning for avfallsbrønnar
ÅRIM har ei støtteordning til eksisterande burettslag og sameige som vurderer å kjøpe avfallsbrønnar.
Les meir om samarbeidsløysingar og støtteordning for kjøp av avfallsbrønnar.