Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(10. november 2017)

Spørsmål & svar om den nye sorteringsordninga

Kvifor er det viktig å gjenvinne meir?

Samfunnet vårt skal bevege seg frå eit «bruk og kast-samfunn» til ein sirkulærøkonomi. Det vil seie at vi i større grad enn i dag å gjenbruke og utnytte ressursane mange gonger. Materialane kan nyttast til produksjon av nye produkt og dermed skape nye verdiar og ny vekst.

Det nasjonale målet er at 50 % av avfallet skal gå til materialgjenvinning og gjenbruk i 2020. I Ålesundregionen gikk om lag 30 % av avfallet til materialgjenvinning og gjenbruk i 2016.

Kva skjer med matavfallet?

Det matavfallet innbyggjarane i Ålesundregionen sorterer ut, blir sendt til Mjøsanlegget på Lillehammer. Matavfallet blir til miljøvenleg biogass og biogjødsel.

Kvifor er det viktig å materialgjenvinne matavfall?

Med matsortering får ein utnytta ressursane i avfallet betre. Matavfallet inneheld fleire ressursar som ikkje blir nytta ved forbrenning. NTNU har rekna ut at det er næringsstoff nok til å produsere ein million brød i matavfallet til ÅRIM. Desse næringsstoffa er viktige for matproduksjon i ei verd der folketalet aukar raskt. EU sette i 2014 fosfor opp på si liste over kritiske råvarer.

Kva med transporten?

Den auka miljønytten ved å få utnytta næringsstoffa i matavfallet forsvarer at transporten blir lenger enn i dag. ÅRIM kjem til å frakte matavfalle til Mjøsanlegget i Lillehammer.

Kvifor treng folk eigen dunk for glas- og metallemballasje?

Metallet går til omsmelting, glaset går til glasverk eller til produksjon av isolasjon. Når folk får eigen dunk, viser erfaringar at dei sorterer meir. Miljømessig er aluminiumsemballasje det produktet det er mest viktig å gjenvinne. Dette er også det materialet som blir mest forringa av ein forbrenningsprosess.

Korleis skal vi få plass til alle dunkane der folk bur tett?

ÅRIM oppfordrar folk til å bruke felles utstyr i større grad enn i dag. I tillegg til dunkar finst det også avfallsbrønnar og bakkekonteinarar. Da får ei fjerna dunkar frå husveggar, og plasserer større oppsamlingsutstyr på fellesområde. I mange tilfelle er det hensiktsmessig at ÅRIM kjem på befaring for å komme med gode løysingar.

Blir det slutt på avfallsforbrenning?

ÅRIM leverte om lag 19 500 tonn restavfall til forbrenning i 2016. Når vi har sortert matavfall nokre år, vil denne mengda bli redusert til om lag 15 000 tonn. VI forventar å få ut om lag 5 000 tonn matavfall i regionen. I følgje Tafjord Kraftvarme behandlar dei 95 000 tonn, årleg. Det vil framleis vere stort behov for avfallsforbrenning i regionen.

Kvifor skal vi ha eigen dunk for metall og glas når Bingsa har eit sorteringsanlegg som gjenvinner metallet i aska?

Sortering av avfallet gir dei beste vilkåra for å få gjenbrukt mest mogleg av materiala​. . ÅRIM leverer glas-og metallemballasjen til eit selskap som heiter Syklus. Dei er heilt tydelege på at glas- og metallemballasje ikkje har noko i eit forbrenningsanlegg å gjere. Det er ein prosess utan hensikt, og materiala blir forringa på vegen.

Vil ikkje dette føre til at Ålesund kommune taper pengar på metallsorteringsanlegget?

Det årlege «tapet» i form av redusert metallsal for Ålesund kommune når folk får eigen dunk for glas og metall, er anslått til å vere om lag 80 000 kr. Til samanlikning brukar ÅRIM ein million kroner på å rydde returpunkt kvart år. Returpunkta vil bli fjerna når folk får dunk.

Sorteringsanlegget til Bingsa får også metall gjennom aska frå fleire andre aktørar enn ÅRIM. Dei har også opplyst om at dei har eit lager for ti år liggjande.

Kva med renovasjonsgebyret?

ÅRIM er eit selskap som ikkje skal tene pengar, i motsetting til dei kommersielle aktørane. Innbyggjarane skal betale for det tenesta kostar, ikkje meir og ikkje mindre. Dei nye tiltaka har ein budsjettert prisauke på 150 kroner i 2018.

Kva meiner folk flest om den nye ordninga?

I spørjeundersøkingar har 67% sagt at dei er positive til å sortere matavfall, 85% er positive til å sortere glas- og metallemballasje. Dei yngre er meir positive enn dei eldre. Vi opplever også at mange stiller stiller spørsmål og ser utfordringar. Her er ÅRIM oppteken av å komme i dialog og finne løysingar.

Kven har vedteke ny sorteringsordning?

Reint formelt er det representantskapet i ÅRIM som har vedteke ny kjeldesorteringsløysing for Ålesundregionen.Løysinga er foreslått av styret i ÅRIM og har vore på offentleg høyring med behandling i alle dei tolv eigarkommunane til ÅRIM.

Er det nødvendig å endre ordninga vi har i dag?

Det nasjonale målet er at 50 % av avfallet skal gå til materialgjenvinning og gjenbruk i 2020. I Ålesundregionen gikk om lag 30 % av avfallet til materialgjenvinning og gjenbruk i 2016. ​ Det er ikkje mogleg for Ålesundregionen å nå måla utan utstortering av matavfall.

Kan vi hente ut fosfor frå botnaske etter forbrenning?

Det er gjennomført forsking på å gjenvinne fosfor frå botnaske, men dette blir ikkje gjennomført i praksis i Skandinavia. Det meste som hittil har blitt vurdert er på forsøksstadiet og i laboratoriemålestokk, der er eit par prosjekt på gong i pilotskala. Dette vil vere ein svært kostbar prosess.

Kvifor kan vi ikkje kjøpe kvoter i staden?

ÅRIM har fått spørsmål om eit alternativ til å innføre ny kjeldesorteringsløysing kan vere å halde fram som i dag men i staden kjøpe klimakvoter. Auka gjenvinning er viktig av fleire grunnar enn berre klima. I klimapolitikken har Noreg difor slutta seg til ei overordna føring om at vi i avfallssektoren skal gjennomføre konkrete miljøtiltak i staden for å handle med klimakvoter.

 

Skal ÅRIM bygge biogassanlegg?

​Byggjing av biogassanlegg ligg ikkje inne i strategien eller budsjettet til ÅRIM i dag. Selskapet er i dialog med VØR og SSR for å vurdere om det er grunnlag og muligheiter for framtidig biogassanlegg i regionen. Det vil vere fornuftig å byggje opp ny kompetanse og skape arbeidsplassar i ​vårt distrikt.

Kvar skal ÅRIM sende matavfallet?
I dag er det ikkje biogassanlegg for behandling av matavfall i vår region​. ÅRIM vil difor sende matavfallet til eit etablert anlegg. Det finst fleire anlegg i Noreg.

Blir ikkje biogass fort utdatert?

Regjeringa satsar på biogass og vurderer dette som eit av tiltaka for å nå klimamåla, både for landbruks- og samferdselssektoren. ​Kva energiberarar vi brukar i framtida er ikkje snakk om enten eller, men både-og;  biogass, hydrogen og elektrisitet. Fleire renovasjons- og busselskap bruker biogass. Medan biogass er godt etablert, er hydrogen og elektrisitet som drivstoff i renovasjonsbilar på eit tidleg stadium.

 

Er der miljøgifter i biogjødsel?

Biogjødsel er laga av matavfallet vi har kasta, ​altså mat. Produktet som ​kjem ut av dette må innfri myndigheitene sine krav til gjød​sel. Samme regelverk gjeld for alle organiske gjødselvarer.  Produsentane tek prøver for å heile tida kontrollere at dei ligg innanfor gjeldande grenseverdiar. 

Er der mikroplast i biogjødsel?

Miljødirektoratet presenterte ei tiltaksvurdering mot mikroplast i 2016. Her er det tatt utgangspunkt i den kunnskapen som finst om dei ulike kjeldene. Avløpsvatn er identifisert som ei kjelde til mikroplast; matavfall er det ikkje. Dette er ein av grunnane til at det er strengare krav til bruk av biogjødsel produsert av avløpsvatn enn for biogjødsel produsert av matavfall.

Kva miljøkrav gjeld for biogjødsel?

Dagens bruk av biorest som biogjødsel er regulert i gjødselvareforskriften .  Her er det grenseverdiar for ulike uønska stoff. Det meste av biogjødsla som norske biogassanlegg produserer tilfredsstiller desse grenseverdiane med god margin, dette blir kontrollert av Mattilsynet.

Kven ​treng biogjødsel?

Det er eit mål at biogjødsel skal erstatte bruk av mineralgjødsel og redusere uttak og bruk av torv. VØR arbeider med ei kartleggjing av behovet for biogjødsel i Ørsta, Volda og omland​. Dette er eit område med landbruk, lokalt.

​Kan biogjødsel brukast i økologisk landbruk?

​Biogjødsel har i fleire tilfelle høgare verdi som plantenæringsstoff enn tradisjonell kompost. Bioforsk har publisert ein rapport som viser til undersøkingar av biorest frå matavfall, felles for desse er at dei konkluderer med at det er liten risiko for mattryggleiken ved bruk av biores. Bruk av biogjødsel prodsert av matavfall er ei attraktiv råvare for økologisk landbruk, biogjødsel produsert av avløpsvatn er ikkje lov å bruke i økologisk landbruk.

Blir det kostbart å levere avfallet til biogassproduksjon?

Selskap ÅRIM samanliknar seg med melder om at ​samla utgifter med frakt og behandling er omtrent det samme som ved å levere avfallet til forbrenning. Gjennomgåande er det litt rimelegare å levere matavfall til biogassanlegg enn å levere restavfall til forbenning, men transportkostnadane er litt høgare for matavfall.
Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?