Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(21. februar 2018)

Mobil miljøstasjon - innsamling der du bur

 jente med batteri

Lever miljøfarleg avfall

I vinter kjem ÅRIM med ein mobil miljøstasjon.som samlar inn målingsspann, kjemikaliar, sprayboksar, småelektronikk, lyspærer og anna miljøfarleg avfall nær der folk bur.

 

Her er døme på avfall vi tek imot:

Batteri - alle typar
Elektriske leiker
Kablar og leidningar
Lysrør og lyspære
Løysemiddel og kjemikaliar
Småelektronikk/små el-apparat
Sprayboksar
Måling, lim og lakk

Den mobile miljøstasjonen kan dessverre ikkje ta imot:
Farleg byggavfall, trykkimpregnert trevirke og vindauge. Kvitevarer og elektronikk større enn ein microbølgeomn, som flatskjermar, komfyrar og kjøleskap. Restavfall og andre avfallstypar.

Storboss og grovavfallsinnsamling i Haram og Stranda

​Folk som bur på Haramsøya, Lepsøya og Fjørtofta kan i tillegg levere inn andre typar avfall, på grunn av lang veg til miljøstasjonen,

Les meir, under storboss/grovavfall, om kva du kan levere.

Ta kontakt med ÅRIM på telefon 70 31 41 00 eller post@arim.no dersom du har spørsmål om kva du kan levere.

Opningstider miljøstasjonar
Avfallsguide
Renovasjonskalender

Når blir avfallet mitt henta?