Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(7. september 2018)

Stilling ledig

Miljøselskapet ÅRIM samlar hushaldsavfall og slam frå hundre tusen innbyggjarar i Ålesundregionen. Vi har også ansvaret for ni miljøstasjonar i regionen. Selskapet er eigd av tolv kommunar og har om lag femti tilsette. 

RENOVATØR

Arbeidsoppgåver:

Som renovatør i ÅRIM er di viktigaste oppgåve å få avfall til gjenvinning. Du er sjåfør på ÅRIM sine renovasjonsbilar og kommuniserer godt med kundane våre. Du er observant og er med på å levere gode tenester til kundane våre.

Eigenskapar:

Du må vere i fysisk god form og like å arbeide ute i all slags vêr. Du er kundeorientert og er ein trygg sjåfør.

Kvalifikasjonane vi legg vekt på ved tilsetting:

  • Førarkort i klasse C.
  • Gode språkkunnskapar
  • Fagbrev innan transport og logistikk eller gjenvinning.

ÅRIM kan tilby:

  • Ordna arbeidsforhold.
  • Løn etter avtale.

Nærare opplysingar om stillinga blir gitt av driftsleiar Tom Haugen på telefon 94 15 49 47. Oppmøtestad Ålesund. Vi oppfordrar kvinner til å søke.

Send søknad elektronisk​.

Søknadsfrist: 25.september 2018