Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(18. november 2018)

Ny sorteringsordning i Ålesund

 dame glas og metall_web

​Neste år deler ÅRIM ut dunk for glas- og metallemballasje til innbyggjarane i Ålesund. Meir sortert avfall gir dermed fleire gjenvunne produkt.  Ålesundarane får også ein eigen boks for miljøfarleg avfall. Dette er bra for miljøet.


Vi vil gjere det lettare å sortere meir avfall
Når du sorterer, får vi utnytta ressursane i avfallet. Glasemballasjen blir til nytt glas og isolasjon. Metallemballasjen blir til spikar, syklar og andre metallgjenstandar. Det krev faktisk berre fem prosent av energien å lage noko av gjenvunne aluminium, samanlikna med å lage produkt av ny aluminium. Dette nyttar.

Når får du utstyret?
Vi startar i indre del av kommunen om vinteren, og blir ferdige i ytre del, utpå hausten. Tidspunktet for når du får ditt utstyr er dermed avhengig av kvar du bur. Renovasjonskalenderen for 2019 viser når du har di første henting av glas- og metallemballasje. Utstyret ditt kjem nokre veker i forkant av dette. Du kan starte å bruke dunken så snart du har fått han, men det er framleis ei god stund til dette enda.

 Boks for miljøfarleg avfall

Vi deler også ut ein raud boks, her kan du samle batteri, småelektronikk, boksar med kjemikaliar og anna miljøfarleg avfall. Den raude boksen tek du med til Bingsa eller ein annan bemanna miljøstasjon når det passar for deg. Du kan også ta med boksen når vi har innsamling av miljøfarleg avfall i nærområdet ditt. Datoane for dette står i renovasjonskalenderen.

Bur du tett og det er knapp plass til dunkar?
Mange stader er det hensiktsmessig for naboar å samarbeide om felles renovasjonsutstyr. Dette gir eit meir estetisk uteområde, og med færre stopp blir det mindre trafikk i nærområdet ditt. Denne type løysingar er svært positive for miljøet.

 

Snakk med naboane og ta kontakt med oss, så kjem vi med forslag til korleis de kan gå fram.

Kva med matavfallet?
Etter ønske frå Ålesund kommunen ventar ÅRIM med å dele ut matavfallsdunkar. Dunkar for matavfall kjem seinare, men tidspunktet er ikkje bestemt. Planlegg for at du får ein ekstra dunk etter kvart.

Vi ønskjer lykke til  - takk for at du sorterer!