Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(19. desember 2018)

Skyll, brett, stapp og vinn

Femten år gamle Mats Rimereit frå Ålesund vann 10 000 kroner i Kartonglotteriet. Tenåringen vart svært glad da han fekk vite at sortering gav gevinst både for miljøet og sparekontoen. Miljøselskapet ÅRIM oppfordrar til å sortere alle typar drikkekartong, både i jula og elles i året.

kartonglotteri vinnar

- Eg vil dele pengane likt med bror min, min del skal eg spare. Kjeldesortering er viktig og eg synest at alle må vere flinke å sortere, seier femten år gamle Mats Rimereit.

Kartonglotteriet er ei nasjonal trekking av drikkekartong, der kvar kartong merka med namn og nummer er eit lodd. Miljøselskapet ÅRIM trekker ut kartongar med telefonnummer på fire gonger i året og sender desse til Returkartonglotteriet. Både privatpersonar, organisasjonar, skular og barnehagar kan vinne.

- Returkartonglotteriet er ein fin måte å oppmuntre til sortering på, seier Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonssjef i ÅRIM. Skriv namn og telefonnummer på kartongen eller kubben, og du er med på trekkinga. Eg kan avsløre at svært mange ikkje skriv nummeret på kartongane, dette er med andre ord eit gratislotteri der du har faktisk har sjans til å vinne.

Mor til vinnaren fortel at sortering er ein del av dei daglege rutinene i familien RImereit.

- Vi kjeldesorterer det aller meste i heimen. Sortering er i grunnen veldig enkelt, og kanskje den enklaste forma for miljøvern, seier Hilde Rimereit, mor til den heldige vinnaren.  Når det er ein vane er det heller ikkje noko ein bruker noko særleg ekstra tid på. Dette blir nok enda enklare når den nye ordninga for glas og metallemballasje kjem, da blir jo det meste henta i tillegg, sier ho.

Alle typar drikkekartong kan leverast i kartonglotteriet.

ÅRIM oppfordrar difor alle til å sortere kartongen som matvarene er emballert i, skrive på namn og nummer, og leggje kartongen rett i papirdunken.  Kvart år trekker kartonglotteriet ut premiar for 1,6 millionar kroner. 120 premiar på 10 000 kroner og fire premiar på 100 000 kroner. For å vere med på trekkinga til 100 000 kroner må du stappe minst seks kartongar i en sjuande, slik at du har ein kubbe. Drikkekartongen folk leverer blir materialgjenvunne, og brukt til å lage nytt papir, for eksempel til nye puslespel eller pappesker.