Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(25. februar 2019)

Mobil miljøstasjon - innsamling der du bur

 Foto av boks for miljøfarleg avfall

Lever miljøfarleg avfall

I vinter kjem ÅRIM med ein mobil miljøstasjon.som samlar inn målingsspann, kjemikaliar, sprayboksar, småelektronikk, lyspærer og anna miljøfarleg avfall nær der folk bur.


​Døme på avfall vi tek imot:

  • Batteri - alle typar
  • Elektriske leiker
  • Kablar og leidningar
  • Lysrør og lyspære
  • Løysemiddel og kjemikaliar
  • Småelektronikk/små el-apparat
  • Sprayboksar
  • Måling, lim og lakk


Den mobile miljøstasjonen kan dessverre ikkje ta imot:

Farleg byggavfall, trykkimpregnert trevirke og vindauge. Kvitevarer og elektronikk større enn ein microbølgeomn, som flatskjermar, komfyrar og kjøleskap. Restavfall og andre avfallstypar.

Raud boks for miljøfarleg avfall
I fjor delte ÅRIM ​ut ei raud boks til folk i elleve kommunar. I år får alle i Ålesund denne boksen. Vi håper boksen gir ein påminnar, slik at du hugsar å sortere alt miljøfarleg avfall riktig, batteri, små​elektronikk, hårspray og anna. ​Du kan ta med boksen til den mobile miljøstasjonen.

Les informasjonsbrosjyre utsendt til:

Storboss og grovavfallsinnsamling i Haram og Stranda

​Folk som bur på Haramsøya, Lepsøya og Fjørtofta kan i tillegg levere inn andre typar avfall, på grunn av lang veg til miljøstasjonen,

Ta kontakt med ÅRIM på telefon 70 31 41 00 eller post@arim.no dersom du har spørsmål om kva du kan levere.