Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(18. mars 2019)

Fjerning av henteavstand på Sula - tryggare trafikkforhold

Sula har mange trange, bratte og dårlege vegar som ikkje er eigna for renovasjonsbil. Fleire av vegane manglar snuplassar og gir stort behov for rygging. Det er uheldig med tunge køyretøy i område med hus og mjuke trafikantar. At vi har køyrd desse vegane før, betyr ikkje at det er riktig å fortsetje med dette.

Ei kommune i vekst gjer også at renovatørane har måtta trille fleire tunge dunkar, lengre strekningar dei siste åra. Når du trillar fram dunken, er du med på å betre arbeidsforholda for ei yrkesgruppe som utfører eit tungt, fysisk arbeid kvar dag.
Dei elleve andre kommunane som eig ÅRIM har heller ikkje denne ordninga.

Plassering av dunk

Dunken skal stå maks fem meter frå vegen der renovasjonsbilen køyrer. Pass på at du plasserer dunkane ute av trafikken når du trillar han fram, slik at han ikkje er til hinder for trafikken. Når det blæs kraftig, vil du kunne oppleve at dunkane kan vere lagt ned når du kjem for å hente han. Dette gjer renovatørane for å unngå at dunkane blir tatt av vinden.

Kart som viser kvar renovasjonsbilen køyrer (sjå innsida av brosjyra):

ÅRIM har vurdert alle vegane på Sula og teikna opp ny​e kart over vegane renovasjonsbilen skal bruke. Bilen køyrer på vegane som er merka med med mørk grøn farge. Dei raude vegane sluttar vi å bruke på grunn av vegforhold og trafikktryggleik. Ta kontakt med oss, dersom det er uklart kva vi vil gjere i di gate.

Tidspunkt for innføring

  • Dei som bur ved grøne vegar (sjå karta over) plasserer dunk fram til veg frå 1. april. Dunken skal plasserast maks fem meter frå vegen renovasjonsbilen køyrer
  • Dei som bur ved raude vegar plasserer dunken fram til  vegen frå 1. april.  Det er eit mål om å få på plass samarbeidsløysingar for dei som bur langs desse vegane snarast råd, og seinast 1. november 2019. Planen er at ÅRIM ikkje skal køyre på dei raude vegane etter dette. Ta gjerne kontakt med ÅRIM på post@arim.no for meir informasjon.

Samarbeid har fleire fordelar

Dei som bur langt frå vegen, kan vurdere å samarbeide med naboar om felles dunkar.
Samarbeid gir blant anna mindre trafikk og småkøyring, det er også meir estetisk sidan området får færre dunkar.

Du kan lese meir om ​ulike samarbeidsløysingar her:

 

Betale for henteavstand

Den som ​har behov for å få dunken henta ved husvegg, kan bestille henteavstand:

  • 5 - 25 m: kr 875,-
  • 25 - 40 m: kr 1 250,-
  • 40 - 60 m: kr 1 750,-
  • 60 - 100 m: kr 2 500,-​

Prisar er inkl mva. Ordninga gjeld ikkje for dunkar over 240 liter

Søk om å få dekt henteavstand

Sula kommune tilbyr ei ordning for personar som har utfordringar med den nye ordninga. ​ Søknaden blir behandla av kommunen. Ta difor kontakt med dei om det kan vere aktuelt å søke, og korleis du skal gå fram:.

 

Ta kontakt om du har spørsmål til den nye ordninga

Send oss ein e-post på post@arim.no eller ring 70 31 41 00 dersom du har spørsmål om den nye ordninga.