Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(21. mars 2019)

Storboss i Haram og på Hellesylt

Kvart år tek ÅRIM med miljøstasjonen ut til øyane i Haram og til Hellesylt i Stranda. Her kan innbyggjarane levere avfall vi tek imot på dei bemanna miljøstasjonane våre. 

Datoar for storboss:

  • Hellesylt: 23. april     kl 12-18
  • Fjørtofta ved skuleområdet: 3. april kl 16-18
  • Lepsøya ved ferjekaia: 8. april kl 16-18
  • Haramsøya ved småbåthamna: 24. april kl 11-18

​Her er døme på kva du kan levere:

  • elektrisk og elektronisk avfall
  • farleg avfall
  • metall
  • bildekk med og utan felg
  • trevirke (mindre kapp)
  • utrangerte møblar og madrassar
  • kjøkken- og baderomsinnreiingar
  • syklar og anna sportsutstyr
  • større mengder papp
  • isolasjon og isopor
  • interiørartiklar
  • vindauge

Ta kontakt dersom du ​lurer på kva du kan levere.

Les meir om tilbodet i brosjyra

 

Hugs å ta med miljøstasjonkortet.

Velkomen!