Skip To The Main Content

Else May Botten om avfall

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Else May Botten

Ta vare på klima og skap arbeidsplassar samtidig

Synet på avfall er i endring. Dette sa stortingsrepresentant Else May Botten da ho innleia ÅRIM sitt årsmøte, 27. april. Botten snakka om stortingsmeldinga «Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi». Meldinga stiller nye krav og forventingar til korleis avfall skal behandlast.

For det handlar om å få ny fokus med større grad av gjenbruk, materialgjenvinning og forståing for sirkulærøkonomi.  God ressursbruk startar først med å produsere minst mogleg avfall, for eksempel å redusere matsvinn. Krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall er eit anna grep som kjem som vil leggje til rette for å få tak i meir av ressursane i avfallet. Effektiv ressursutnytting  er god økonomi.

Botten hadde ei lyttande og engasjert forsamling framfor seg da ho snakka om marin forsøpling. Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit raskt aukande miljøproblem både globalt og lokalt, ​noko vi ser mykje av i Ålesundregionen. Regjeringen har iverksett tiltak, men det trengs auka innsats framover.

Botten uttrykte også utolmod.

- Vi må henge på i svingane - ta vare på klima og skape verdiar og arbeidsplassar samtidig.

Strategien ÅRIM sine eigarkommunar vedtok i fjor er på linje med stortingsmeldinga - No er vi på rett veg i vår region. Vi tek samtidig oppfordringa ho innleia med;

- Noreg må vere ein pådrivar til løysingar og ta eit større ansvar.